– 11 av dei døde stod på vallister
I alt 11 AUF-medlemmer som døde i Utøya-åtaket stod til val i lokalvalet til hausten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me har no fått stadfesta det endelege talet. Det kan ifølgje Vallova ikkje nominerast nye kandidatar. Partilister med namn på døde vil telje med, men eventuelle personlege stemmer blir strokne, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) til NTB.
Ho understrekar at kommunane rundt om i landet har kriseteam som vil ta hand om dei traumatiserte ungdommane som har reist heim, eller til vertskommunar der dei bur på hybel.
– Justisdepartementet, Helsedepartementet og mitt departement har ansvar for ulike deler av det kommunale apparatet, medan kommunane sjølv koordinerer. Særleg viktig er at dei har ekspertar på traumebehandling. Dette arbeidet vil ta tid og krev tett oppfølging, seier Navarsete til NTB.
Ho legg til at departementet har fått tilbakemelding frå fylkesmennene om at alle kommunar har kriseteam som er operative.
Kommunaldepartementet vil vurdere om det etter kvart er behov for ekstra traumeekspertise i enkelte kommunar.
– Det som tsunamien viste, var kor viktig det er å oppsøkje dei som kjem heim, og få vite kven dei er. Kommunane bør ha god kontakt med dei lokale Ap-laga, som ganske sikkert har ei oversikt over kven som har vore råka, og som treng hjelp, seier Navarsete. (©NPK)