Fleire positive til fleirkultur
Etter terroren i Oslo og på Utøya har 26 prosent vorte meir positive til det fleirkulturelle Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
49,1 prosent svarar at dei ikkje har endra syn på det fleirkulturelle Noreg etter terrorangrepa, medan 9,3 prosent seier dei har vorte meir negative, kjem det fram i målinga som er utført for VG.
Resultata gler Islamsk Råd.
– Den varmen alle har vist dei siste dagane, uansett kulturell og religiøs bakgrunn, er sterkare enn skepsisen til medmenneske, seier generalsekretær Mehtab Afsar i Islamsk Råd til VG.
Han meiner at det typisk gode norske kjem tilbake.
– Nordmenn er flotte, hjelpsame og omsynsfulle menneske. Men det har ikkje vore så tydeleg dei siste åra, med mykje negativt fokus på muslimar og islam.
LES OGSÅ: Ting vi liker med dette samfunnet
Valforskar Anders Todal Jenssen trur likevel at den gamle retorikken vil vende tilbake, og at folk flest neppe har endra syn på det fleirkulturelle Noreg.
– Vegen til dei grovaste stereotypane og generaliseringane er ganske kort. Dei som brukar desse grepa er veldig forsiktig med å bli assosiert med Breivik no. Om eit halvt års tid vil me vere tilbake der me var før 22. juli, seier Jenssen. (©NPK)