26 år gamle Jovsset Ante Sara har fått pålegg frå Staten om å slakta reinflokken ned til 75 dyr innan nyttår. Det betyr konkurs og enden på livet som reindriftssame – viss ikkje Stortinget grip inn.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Engasjementet for Jovsset Ante Sara (26) sin rett til å halda på reinflokken sin har vore enormt etter at Aftenposten skreiv om saka 28. november. I løpet av få dagar har både privatpersonar og organisasjonar som Sametinget, Norske Reindriftsamers Landsforbund og Norske Samers Riksforbund engasjert seg i saka.

Torsdag var det støttemarkeringar i to av Noregs største byar, Oslo og Tromsø.

– At det kokar av engasjement, fortel at noko fundamentalt gale er i ferd med å skje i dette landet. Noreg som stat er ved eit etisk og moralsk vegskilje, både kva gjeld brutalitet i maktutøving og forpliktingane sine overfor FN, urfolk og menneskerettar, seier Maret Anne Sara i ei pressemelding. Ho har engasjert seg i den prinsipielle kampen om broren og familien sin rett til reindrift.

Truar med tvangsslakt og dagbøter

26 år gamle Jovsset Ante Sara har fått pålegg frå Staten om å slakta reinflokken ned til 75 dyr innan nyttår. Det betyr konkurs og enden på livet som reindriftssame.

Sjølv om saka skal opp i FNs menneskerettskomité, vil staten likevel tvinga gjennom tvangslakt utan at FN har handsama saka ferdig. Sara er òg bøtelagd over 60.000 kroner undervegs i rettsprosessen. Dersom ikkje Sara slaktar innan nyttårssafta, har staten varsla om løpande dagbøter og tvangslakt av flokken hans.

Tysdag skal Stortinget avgjera om tvangslaktinga må venta til menneskerettskomiteen til FN har behandla saka.

Torgeir Knag Fylkesnes, stortingsrepresentant for SV, jobbar no for å få Stortinget til å snu i saka, slik at vedtaket om tvangslakting vert utsett til FN har handsama saka. Foto: Natur og Ungdom

LES OGSÅ: I Elsa Laulas fotspor i Sápmi

– Uakseptabelt

Leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord er òg engasjert i saka:

– Det er uakseptabelt å ta areal frå reindriftsnæringa for å leggja til rette for miljøfiendtlege næringar, samstundes som me seier at reineigarane har for mange rein og fører til overbeite.

Eiterjord siktar til Nussir, den planlagde koppargruven som har fått løyve til å dumpa gruveavfall i Repparfjorden og til å byggja ut der flokken til Jovsset Ante flyttar gjennom to gonger i året.

I same område blir det òg planlagt ei omstridd 420 kW-kraftlinje mellom Balsfjord og Hammerfest som reindrifta har tapt kampen om. På Kvaløya der flokken har sommarbeite går stadig meir land tapt til industri som til Statoil sitt Snøkvit-anlegg og ein veksande leverandørindustri.

LES OGSÅ: – Reinen er livet vårt