Halvparten meiner sidemål ikkje er viktig

Halve folket er usamd i påstanden om at det er viktig at alle skuleelevar lærer å lese og skrive både nynorsk og bokmål, viser undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I distriktsbarometeret i Nationen svarar 47 prosent at dei er usamd i påstanden, 23 prosent er samd. Tala er omtrent dei same som i fjor. Det er ikkje uventa Senterpartiveljarar og folk busett på Vestlandet som er mest positive til sidemålet.

Leiaren for Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, meiner det er ei fallitterklæring for nasjonal språkpolitikk om opplæringa i skriftleg sidemål blir kutta ut.

– Nynorsk som nasjonalt og sidestilt språk er avhengig av opplæring. Sidestillinga av målformene inneber skriftlegheit, seier Øvregård til Nationen. (©NPK)