Julekalender 4. desember
Et dei ribbe, pinnekjøt, eller noko heilt anna? I vår julekalender fortel kjente profilar om sine juletradisjonar, julegåvetips og kva ønskjer dei har for 2019.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ina Rangønes Libak (28) feirar si første jul som leiar i Arbeidarpartiets Ungdomsfylking, som i år har fått nytt namn på nynorsk, samisk og kvensk. Ei lita førjulsgåve til alle språkengasjerte nordmenn der altså.
Og AUF-leiaren kjem med enno ei førjulsgåve når ho nyttar Framtidas julekalender til å sitera sjølvaste Olav H. Hauge. For ho er ikkje i tvil om om kva som er det finaste nynorskordet:
– Drøm er min favoritting. Eg synest me menneske burde ha fleire draumar og større draumar og på nynorsk er det jo enno betre: «Den draumen me ber på», ler Libak.
Visste du at «Det er den draumen» har vore kåra til Noregs beste dikt gjennom tidene?
Vi nyttar høvet til å dele Olav H. Hauge sitt dikt her. God 4. desember!
Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ein morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.