KrFU vil krevje utanriksministerposten til KrF
Allereie før forhandlingane mellom KrF og regjeringa er i gang, har KrFU avgjort kva ministerpostar KrF må ha for å gå inn i regjeringa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eit samrøystes sentralstyre i ungdomspartiet har vedteke at KrF må krevje postane som utanriksminister, kunnskaps- og integreringsministeren og barne-, familie- og likestillingsministeren i eit eventuelt regjeringssamarbeid, melder NRK onsdag.
I dag er det Høgre-politikarar som har alle dei tre postane, høvesvis Ine Eriksen Søreide, Jan Tore Sanner og Linda Hofstad Helleland.
Les også: Ny måling: Folket seier nei til endringar i abortlova
KrF med ansvar for globale løysingar
KrFU-leiar Martine Tønnessen seier ungdomspartiet gjerne vil ha utanriksministeren fordi utfordringar som flyktningkrisa, klimakrisa og menneskehandel krev globale løysingar.
– Dette er noko av det KrF er mest opptekne av å få gjort noko med, seier ho.
KrF sit no i sonderingar med regjeringspartia Høgre, Frp og Venstre. Dei fire partia er einige om at eventuelle forhandlingar ikkje vil starte først over nyttår.
Les også: KrF og SV vil styrkja populære nynorske tilbod for barn og unge