Ikkje-vestlege innvandrarar vel oftare elitestudium
Ein ny studie viser at ikkje-vestlege innvandrarar er meir ambisiøse i studievalet enn norsk ungdom. Dei søkjer seg oftare til prestisjestudium, uavhengig av utdanningsnivået til foreldra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vel elite- studium
Både førstegenerasjons innvandrarar og etterkommarane av ikkje-vestlege innvandrarar går i større grad direkte frå vidaregåande og over i høgare utdanning. Dei vel også oftare studium som juss, medisin og masterprogram innan økonomi, naturvitskap og sivilingeniørstudium, viser ei undersøking ved Nordisk institutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU).
Til Aftenposten seier forskar Liv Anne Støren at ei av forklaringane er at det krevjast sterkare motivasjon og innsats når ein startar i motbakke. Ho trur også både innvandrarungdom og foreldra deira gir høgare utdanning meir verdi.
– Når du er nykommar i landet og ikkje har noko å falle tilbake på, så har du berre din eigen innsats å lene deg på. Eg har ikkje gått inn på dette i denne studien, men at innvandrarane har ei forventning, reell eller ikkje, om at dei kan få eit tøffare møte med arbeidsmarknaden enn andre, kan nok også bety noko, seier ho.
Forskaren er overraska over at tendensane også er dei same dersom ein korrigerer for karakternivå. Utdanninga til foreldra har også mindre å seie for dei enn for etniske nordmenn.
– For barna til foreldre frå land med små utdanningsmoglegheiter handlar det nok noko om å nytte seg av moglegheitene foreldra ikkje hadde, seier Støren. (©NPK)