Rekordmange Grøn fredag-arrangement
Fredag 23. november arrangerer DNT ung for tredje gong Grøn fredag – som er eit miljøvennleg alternativ til kjøpepresset og -stresset som pregar Black Friday.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
DNT ung og friluftsmiljøet stod i bresjen då Grøn fredag vart arrangert for første gong i 2016.
I år er det rekordmange Grøn fredag-arrangement i regi av DNT ung over heile landet. På 20 stader blir det høve til å byte eller kjøpe brukt, men bra friluftsutstyr.
Trudde du «Black Friday» opprinneleg var ein kjøpefest? Tru om igjen!
Vil gjere gjenbruk meir populært
Leiar i DNT ung, Johanne Grue Reiten, meiner dei fleste har liggjande turklede og -utstyr som dei ikkje bruker.
– Med bytedagen Grøn fredag gir DNT ung deg ei anledning til å levere det vidare eller byte til deg noko anna, og friluftsmiljøet blir på denne måten med på å gjere gjenbruk meir populært og vanleg, seier ho på nettsida dnt.no.
Grøn fredag vert i år arrangert på desse stadene: Stavanger, Drammen, Trondheim, Gjøvik, Åndalsnes, Lofoten, Tromsø, Bergen, Lillehammer, Drangedal, Asker, Larvik, Oslo, Voss, Mosjøen, Hammerfest, Levanger, Sandefjord, Volda og Holmestrand.