I den nye boka Bare vent får lesarane bli med inn i hovudet til jenta mange elskar å hata – og kanskje oppdaga at ho ikkje er slik dei trudde.
Denne saka er skriven av Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.
Mitra er pen, populær og van med å få det som ho vil. Men kva skjer når alt byrjar å rakna?
– Mitra fyller snart 18 år, går på Elvebakken VGS i Oslo og har store ambisjonar for tida etter vidaregåande. Ho skal studera juss og bli advokat, og er i det heile veldig smart og ambisiøs. Ho er også pen, populær og godt likt blant både vener og gutar. Men eigentleg har ho det ikkje så lett med seg sjølv, noko ho er god til å skjula for alle rundt seg, kanskje utanom veslebroren Aryan.
Om boka:
Aldersgruppe: Frå 12 år
Målform: Bokmål
Forlag: Gyldendal
Forfattar Neda Alaei har kjent karakteren Mitra lenge. Mitra har nemleg vore med i fleire av dei tidlegare bøkene hennar, men denne gongen står ho i sentrum av historia.
– Mitra har vore ein ganske sterk bikarakter i alle dei tre ungdomsbøkene eg skreiv før Bare vent. Ho har alltid vorte sett på som klassens dramaqueen og sjølvsentrerte dronning. Etter tre bøker der lesarane mine har hatt ganske sterke reaksjonar på oppførselen hennar mot andre, bestemte eg meg for at eg ville finna ut korleis det eigentleg var å vera Mitra.
Også sterk og sjølvstendig
I boka får lesarane sjå kva som skjer når livet til Mitra ikkje lenger går slik ho har planlagt.
– Bare vent handlar om korleis det er når livet til den sterke, smarte, pene, kule og populære, som er vant til å få det som ho vil og som er vant til å sleppa unna med det meste, plutseleg raknar. Historia viser Mitra frå innsida, men viser også kva alle andre tenkjer om henne, og det dei tenkjer om henne er ikkje pent. Denne boka handlar på mange måtar om å få hovudet ut av sitt eige svarte hol, løfta blikket og sjå andre enn berre seg sjølv.
Sjølv om Mitra har fleire sider som kan irritera både lesarar og menneska rundt henne, meiner Alaei at ho også har gode eigenskapar.
– Ho er ei god storesøster for Aryan, ho er sterk og sjølvstendig, og ho gir aldri opp.
Prøv å forstå
Men det er også ting ved hovudpersonen som forfattaren gjerne skulle sett mindre av.
– At ho ikkje tenkjer før ho snakkar! At ho slit med å forstå at ho ikkje er den einaste som har det vanskeleg, og generelt slit med å sjå andre enn seg sjølv og eigne problem.
Alaei håpar at lesarane ikkje berre dømmer Mitra, men også prøver å forstå henne.
– Eg ønskjer at lesarane skal bli irriterte på Mitra, men også få medkjensle for henne. Dessutan trur eg det finst mange jenter som Mitra der ute; som har det mykje vanskelegare enn dei tør å innrømma for seg sjølve, eller for dei rundt seg.
Forfattaren fortel at det var både morosamt og utfordrande å skriva om ein karakter som er ganske ulik henne sjølv.
– Mitra og eg er veldig ulike som menneske, sjølv om eg også kan kjenna meg igjen i mykje av det ho tenkjer og føler på. Likevel var det veldig gøy og utfordrande å skriva nært om ein karakter som eg har lite til felles med.






