Oljeministeren poserer i sexy kalender

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Minister poserer i sexy kalender

Kalenderen vart lansert fredag kveld under landsmøtet til Senterungdommen i Bodø. Han viser dels lettkledde, sexy poserande ungdomspolitikarar på bygda.

Borten Moe viser seg fram med kona Anna Ceselie Brustad Moe, også ho Sp-politikar. Men han er langt frå like avkledd som bestefaren, tidlegare statsminister Per Borten, som i si tid lét seg avbilete i underbukse.

Leiar i Senterungdommen, Sandra Borch, er nøgd med resultatet.

– Biletet er ganske uskuldig, men teke i ein situasjon vi sjeldan ser han i. Han har kona med på bildet, og saman frontar dei norsk skogbruk. Motivet tek også tankar tilbake til staurberaren, bestefaren, sjølv om Borten Moe ikkje er like avkledd, seier Borch til Nationen.

LES OGSÅ: Tar oppgjer med nettmobbing

– Godt formål
Sjølv meiner Borten Moe at kalenderen er eit bra prosjekt.

– Det er kjekt å bidra til Senterungdommen og eit godt formål, seier han.

Kalenderen er ein del av valkampanjen til Senterungdommen og er inspirert av fotokalenderen til det austerrikske bondeungdomslaget. Målet er å skape blest om dei politiske sakene til Senterungdommen.

Tidlegare har kalenderen fått kritikk frå fleire hald for å spele på sex. Sandra Borch er sjølv avbilda i lårkort festantrekk i kalenderen og meiner kritikken er urettvis.

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?

– Kalenderen handlar om å framsnakke bygda. Han informerer om kor mange oksemiddagar vi et kvar dag, kor mange liter mjølk vi drikk og kor mange lærarar vi har, seier ho til Nationen.

– Alle i kalenderen er frå Distrikts-Noreg og ønskjer å flytte heim til bygda. Vi har ikkje plukka ut ungdom som er 1,75 og veg 45 kilo, påpeikar Borch.

Prosjektet har kosta 200.000 kroner og senterungdommen må selje 1.200 eksemplar for å gå i pluss. Til no er 800 kalendrar bestilt og eit eventuelt overskot skal gå til risbønder i Tanzania. (©NPK)

Kva synest du om kalender-prosjektet til Senterungdommen? Gjer kalenderen at du får meir lyst til å bu på bygda?

HEITT: Ane Geving (19) frå Stjørdal treng litt mjølkenedkjøling i den nye kalenderen til Senterungdommen. FOTO: Cathrine Dokken / Senterungdommen