Ordbok:
«Mogging» er årets ord
Den engelske ordboka Collins har kåra «mogging» til årets ord.
Mogging er eit slanguttrykk som tyder å overstråle eller overgå nokon eller noko, skriv Collins.
No er ordet altså kåra til årets ord av ordboka.

Blei influensaren Clavicular outmogga då han vart intervjua på 60 Minutes Australia? Prøv å forklare dette biletet til bestemora di. Foto: Skjermdump
Uttrykket vert ofte brukt i kontekst av utsjånaden til menn, til dømes i looksmaxxing– og bodybuilder-miljø. Der vil det å mogge nokon tyde at du ser betre ut enn dei.
Maxxing vart forresten kåra til årets ord av Dictionary.com.
Ifølge Collins har mogging truleg opphav i akronymet AMOG, som står for «alpha male of the group».
Ifølge ei oppføring i slangordboka Urban Dictionary er mogging eit uttrykk som er mest brukt i incel-samfunnet og blant «sjekkeartistar», som konkurrerer om å vere mest mogleg seksuelt attraktiv.
Ettersom ordet har blitt meir popularisert, har det derimot fått ei meir generell og spøkefull tyding.

Skjermdump: Google Trends






