379 personar er framleis sakna etter eit jordskjelv i Colombia måndag, ifølge president Abelardo de la Espriella. Tala kan vere endå høgare – over 4000 – ifølge sivile databasar. Minst 281 personar er stadfesta omkomne og over 3900 er skadde.
Skjelvet hadde ein styrke på 7,4, med episenter i San José del Palmar vest i landet. Det er dessutan registrert 150 etterskjelv. Skjelvet kunne kjennast i hovudstaden Bogotá og på grensene mot Venezuela, Ecuador og Panama.
Hundrevis av bygg har kollapsa i fleire byar, og 10 000 heimar har blitt skadde eller øydelagde.
Bebuarar og hjelpearbeidarar i Cali grev i ruinane etter jordskjelvet. | Foto: AP Photo/Santiago Saldarriaga
Assad dømd til døden
Den tidlegare presidenten i Syria, Bashar al-Assad, er dømd til dødenin absentia i heimlandet sitt. Assad flykta til Russland, der han fekk politisk asyl då regjeringa hans fall i desember 2024. Syria har no bede Russland om å få Assad utlevert.
Assad vert skulda for lovbrot mot menneskeslekta og krigslovbrot under den 14 år lange konflikten i landet, som tok livet av om lag ein halv million personar.
Borgarkrigen i Syria braut ut i 2011 som eit opprør mot det undertrykkande Assad-regimet. Medan fleire andre regime i regionen vart styrta under den såkalla arabiske våren, klarte Assad-regimet lenge å halde på makta, med støtte frå Iran og Russland.
Ulike syriske opprørsgrupper og Den islamske staten (IS) var blant dei som ville styrte Assad.
Bashar al-Assad flykta til Russland etter at regjeringa hans vart velta. Her er han fotografert i 2010. | Foto: AP Photo/Remy de la Mauviniere, File
PST åtvarar om auka risiko for vald og terror frå ungdommar som vedkjenner seg ekstrem islamisme. Dei fleste er gutar mellom 15 og 17 år, fødde og oppvaksne i Noreg. Det er også konvertittar med i gruppa, seier PST til VG.
Tryggingstenesta meiner at norske ungdommar ser valdspropaganda på TikTok og spelplattformer, og at algoritmane tar dei frå ganske uskuldig innhald til grovare innhald og chattegrupper. Slik vert dei radikaliserte. Fascinasjonen for vald kjem gjerne før ideologien, seier Anne Mannsåker Roald, sjef for kontraterror i PST, til VG.
PST opplyser at dei viktigaste inspiratorane er IS og Al Qaida.
Ungdommane det gjeld, slit ofte på skulen og har vanskar med å finne plassen sin i sosiale fellesskap, fortel Roald.
Kontraterrorsjef i PST Ane Mannsåker Roald åtvarar mot radikalisering på nett. | Foto: Peter Tálos / NTB
Hetebølgene held fram: Poteter «koker» i bakken i Sør-Korea
Byen Yangsan i Sør-Korea målte temperaturar på 42,5 grader tidlegare i august – det høgaste som nokon gong er registrert i landet. Hetebølga har ført til 31 dødsfall, ifølge styresmaktene. Dessutan har 900 000 husdyr og 1,4 millionar oppdrettsfisk døydd.
Også i Europa har hetebølger herja på ny. Storbritannia og Frankrike har hatt sommarens femte hetebølge i august. Det har ført til skogbrannar, tørke og dødsfall. I USA vart juli den varmaste månaden som nokon gong er registrert på fastlandet. Ifølge nyheitsbyrået AP kan 2026 verte det varmaste året nokosinne.
Redningsmannskap kjempar mot skogbrannar i Frankrike. | Foto: Abdul Saboor/Pool Photo via AP
Debuterte i partileiardebatt
Leiarane i ungdomspartia møttest til debatt under Arendalsveka onsdag. Temaa var innvandring og framtida til unge.
Henriette Sjursen-Eriksen, leiar i Grøn Ungdom, og Alexandra Øhrn Fredwall, leiar i Raud Ungdom, peika på aukande sosial ulikskap og ein tøff bustadmarknad.
– Bustadmarknaden er ei ulikskapsmaskin, sa Sjursen-Eriksen.
Senterungdommen-leiar Nils Forren meiner på si side at unge sjølv må ta ansvaret for eiga framtid, komme seg tidleg i arbeid og spare pengar.
Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yagci meiner forbod som hindrar unge i å jobbe, til dømes forbod mot å selje alkohol eller jobbe seint, må fjernast for å gi moglegheiter til fleire unge. KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland tok til orde for at den første millionen ein tener bør vere skattefri.
Seks ferske ungdomspartileiarar møtte erfarne debattantar til kamp i Arendal onsdag. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Vekas mørkepunkt: Solformørking
Onsdag kveld kom månen mellom jorda og sola og skapte ei solformørking.
Sett frå Noreg vart sola inntil 80 prosent tildekt av månen. Nokre stader på Grønland, Island, i Spania og på Mallorca var formørkinga total, ifølge Universitetet i Oslo.
Den beste staden å sjå formørkinga frå i Noreg, skal ha vore i Rogaland, skriv Aftenposten. Der vart sola 79,5 prosent dekt, og det var klarvêr, medan det var overskya i Oslo, Bergen og fleire andre byar i landet.
Mange butikkar vart utselde for solformørkingsbriller.
Solformørkinga var total i Spania. Foto: AP Photo/Bernat Armangue
Solformørkinga var total i Spania. | Foto: AP Photo/Bernat Armangue
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.