USA fyller 250 år: – Demokratiet er kanskje litt i fare

4. juli i år markerer 250 år sidan USA blei grunnlagt, men stormakta har aldri vore meir splitta enn no.

Hedda Aurdal
Publisert

– Usemje i politikken er blitt større. USA har ikkje vore så splitta sidan 1850-åra, skriv Hilmar Mjelde på e-post til Framtida.

Han er professor ved Høgskulen på Vestlandet og forskar blant anna på amerikansk politikk, demokrati og høgreekstremisme.

4. juli er nasjonaldagen til USA, og markerer i år 250 år sidan landet blei sjølvstendig frå Storbritannia.

13 koloniar hadde slåst mot det britiske kongeriket i eitt år, då advokat Thomas Jefferson til slutt skreiv ferdig Declaration of Independence (sjølvstendeerklæringa) i 1776.

Hilmar Mjelde underviser i statsvitskaplege emne ved HVL. | Foto: Høgskulen på Vestlandet

Ho vart akseptert av kongressen 4. juli og bygger på eit prinsipp om likestilling for alle.

Men USA i dag er ikkje kva det ein gong var.

– Den amerikanske draumen kan nok verke fjernare for ungdommar i dag, meiner Mjelde.

Her er nokre definerande hendingar i USAs 250 år lange historie.

Bildet er av Abraham Lincoln under borgarkrigen i 1862. | Foto: Public Domain Image Archive / Internet Archive / California Digital Library

Borgarkrig og slaveri

sjølvstendeerklæringa til USA vart signert, var slaveri framleis normalt i landet. Det vart ikkje avskaffa før etter borgarkrigen mellom dei nordlege statane (Unionen) og dei sørlege statane (Konføderasjonen) i 1865.

Om slaveri skulle vere lovleg eller ikkje, hadde vore ein debatt mellom koloniane sidan sjølvstendeerklæringa vart signert, men nådde brestepunktet i slutten av 1850-åra.

Statane var usamde om fleire ting, men det var valet av president Abraham Lincoln frå partiet imot slaveri som trigga at det til slutt blei borgarkrig. Krigen varte frå 1861 til 1865, og enda med siger til Unionen.

Watergate-skandalen

I 1976, når USA blir 200 år, er Vietnamkrigen (1955–1975) endeleg over.

I tillegg hadde USA akkurat vore gjennom ein av sine største politiske skandalar nokosinne.

Watergate-saka var i hending i USA der Det demokratiske partiet blei spionert på. Innbrytarane blei tatt og etterforsking viste at dei handla på oppdrag for republikanarane, som igjen arbeidde for president Richard Nixon.

Det vart også kjent at Nixon sjølv hadde medverking i saka. Avsløringa førte til at han blei den første presidenten i historia til USA som gjekk av før presidentperioden var over.

Storminga av kongressen 6. januar 2021

Trass uroa etter borgarkrigen, Vietnamkrigen og Watergate, meiner Mjelde at USA aldri har vore så splitta som i dag.

– Demokratiet i USA er kanskje litt i fare. Politikken er blitt meir lik politikken i land som ikkje har skikkeleg demokrati, skriv Mjelde.

Professoren fortel at presidenten i USA, Donald Trump, prøver å bruke makta han har til å gå etter motstandarane sine, og at det er uakseptabelt i eit demokrati.

– Det er ikkje lenger gitt at for eksempel presidentvalet vil bli akseptert av kandidaten som taper. Det gjeld først og fremst Trump og hans republikanske parti, som ofte er dårlege taparar.

Då USA hadde val 3. november 2020, var det Joe Biden frå det demokratiske partiet som stakk av med sigeren. I fleire veker etter valet kom motkandidaten Trump med grunnlause påstandar der han meinte at Biden sin siger var eit resultat av valfusk.

Trump oppfordra tilhengarane sine til å «fight like hell» for landet sitt og oppsøke Kongressen der godkjenninga av valet fann stad.

6. januar 2021 storma 2000 demonstrantar den amerikanske kongressen. Dei brukte vald til å presse tilbake politiet, tok seg inn gjennom knuste dører og vindauge, og stal gjenstandar og dokument.

Følgjene av storminga av Kongressen:

  • Utsida og innsida til Kongressen vart skada
  • Interiør og dokument vart stolne
  • 140 politifolk vart skada
  • Ein inntrengar døydde etter ho vart skoten av ein politimann
  • Ein politimann døydde av hjerneslag dagen etter storminga
  • Fire politimenn som forsvarte nasjonalforsamlinga tok sine eigne liv sju månader etter storminga

Kjelde: Store Norske Leksikon

Politiet var undertalige, og mottok heller ikkje hjelp frå føderale myndigheiter på over tre timar. Trump, som framleis var offisiell president på det tidspunktet, var taus til politiet fekk kontroll over bygget.

Han vart stilt framfor riksretten for oppfordring til opprør mot myndigheitene i USA, men vart frifunnen av senatet, då fleirtalet i partiet hans stemte for frikjenning.

I tillegg har Trump sjølv frikjent fleire av dei som storma kongressen i hans namn.

Kulturkrig og uro

I dag er Trump igjen blitt president. Han vann valet mot kandidaten frå det demokratiske partiet, Kamala Harris, i 2024 og vart innsett i januar 2025.

Sjølv om Trump vann, fekk Harris majoriteten av stemmene frå dei unge. I tillegg var dei to kandidatane populære i forskjellige stemmegrupper. Trump var populær blant unge, kvite menn, medan Harris var populær blant unge minoritetsgrupper og kvinner.

Unge kvinner og menn er splitta når det kjem til politikk og verdispørsmål. I tillegg er Trump meir radikal no, enn han var første gongen han var president (2017-2021).

I opptoget til 250.-årsjubileet er det kulturkrig og djup, politisk usemje som markerer landet. Likevel peikar Mjelde på at politisk uro ikkje er framandt for USA.

– Eg trur at ting kan roe seg ned og bli normalt igjen når Trump er ute av politikken.

På det nye passet står Trump med sjølvstendeerklæringa i ryggen. | Foto: US State Department

Annleis no enn før

Då USA fylte 200 år i 1976, handla feiringa for det meste om å minne amerikanarar på at dei står saman som éin nasjon.

Ifølgje John Mark Hansen frå USA Today, hadde amerikanarar framleis ei kjensle av å vere eitt folk i 1976. Det same kan ikkje bli sagt om 2026.

Han meiner landet er splitta over politikk på ein heilt annan måte enn det har vore før. I 1976 var landet også splitta etter både Vietnamkrigen, som ein demokratisk president stod ansvarleg for å sende soldatar til, og Watergate-saka, som ein republikansk president stod bak.

Hansen meiner at dei var splitta over politikk, men framleis var eitt folk og éin nasjon. 

Det er dei ikkje lenger.

Ifølgje Hansen kunne kanskje ein annan president bringa folk saman for å feire, trass usemje, men han meiner at president Trump ikkje eingong har prøvd å samle folket.

Hansen meiner Trump bruker denne feiringa til å høgne seg sjølv, og at det igjen leier til eit folk som er og blir verande ein splitta nasjon.

 

 

«Freedom 250»

250-årsfeiringa til USA har vore planlagt i fleire år, men då Trump vart attvalt som president i 2025 ønskte han å sette sitt eige preg på jubileet.

Trump har brukt ressursar som var meint til ei felles markering av USA for å finansiere ei feiring som set presidenten i fokus, framfor ei feiring av landet.

Han har blant anna arrangert ei UFC-turnering (Ultimate Fighting Championship), både til ære for 80-årsdagen hans og 250-årsdagen til USA, The Great American State Fair, og lansert eit pass som er tilgjengeleg i avgrensa mengder med eit design av han sjølv.

Til samanlikning hadde 200-årsdagen til USA et stort fokus på samhald og patriotisme som inkluderte alle, uavhengig av kva for eit politisk parti dei høyrte til.

 

Kva tenker dei unge?

Å vakse opp i USA i dag er annleis enn for nokre tiår sidan. Professor Mjelde meiner at stemninga i USA i dag er ganske pessimistisk.

– Dagens unge og unge vaksne har vakse opp i ein periode med mange kriser. Finanskrisa i 2008, dei urolege åra med Trump, pandemien og høge levekostnadar.

Med markeringa av 250 år med fridom i Sambandsstatane rett rundt hjørnet, verkar den amerikanske draumen fjernare for dagens ungdommar enn tidlegare.

Mjelde peiker på høge levekostnadar som den største syndaren.

– Vi skal likevel ikkje overdrive kor dårleg stemninga i USA er. USA er framleis eit veldig rikt land og dei fleste amerikanarar har ein høg levestandard og lever gode liv.