25 år sidan det største terrorangrepet i USA

11. september 2001 blei nesten 3000 menneske drepne i eit terrorangrep i USA. Dei fleste mista livet då to fly blei køyrd inn i to skyskraparar i New York. Terrorangrepet har fått enorme følgjer i etterkant.

Ragnhild Marie Kjosbakken/Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Ein versjon av denne saka vart først publisert av søsteravisa vår Framtida Junior.

Terrorangrepet, som ofte berre blir kalla 11. september eller 9/11 på engelsk, skjedde då 19 terroristar kapra fire passasjerfly i USA.

Terroristane krasja to av flya inn i tvillingtårna i World Trade Center i New York, som bestod av to skyskraparar. I dette angrepet døydde 2753 menneske.

Terrorisme

Terrorisme er bruk av vald mot sivile for å skape frykt og dermed påverke politikk. Ein terrorist er person som deltek i gjennomføringa av ei terrorhandling.

Kjelde: Store norske leksikon

Slik såg det ut etter at World Trade Center hadde rasa saman. Foto: Shawn Baldwin / AP Photo / NTB

Terroristane krasja det tredje flyet inn i Pentagon, hovudkvarteret til det amerikanske forsvarsdepartementet. Der mista 184 menneske livet.

Det fjerde flyet styrta i bakken, og 40 menneske om bord omkom. Det blir antatt at Det kvite huset eller Kongressen eigentleg var målet til terroristane som kapra dette flyet, skriv Store Norske Leksikon.

Til saman døydde nesten 3000 menneske frå 93 forskjellige land i angrepet.

Pentagon i etterkant av terrorangrepet 11. september 2001. Foto: Pixabay

Følgjene av terrorangrepet

Dei 19 terroristane, som alle døydde i terrorangrepet, var ein del av det islamistiske terrornettverket Al-Qaida. Leiaren deira Osama bin Laden var den antekne hovudmannen bak angrepet.

Etter terrorangrepet 11. september 2001 erklærte USA krig mot terror. Dette innebar mellom anna at dei angreip Afghanistan, fordi al-Qaida fekk halde til i landet. Som følgje av dette blei al-Qaida etter kvart svakare. Osama bin Laden vart drepen av amerikanske spesialstyrkar i 2011.

4,7 millionar menneske verda over har mista livet som følgje av krigen mot terror. Over 940 000 menneske har blitt drepne i krigføringa som skjedde i Irak, Afghanistan, Syria, Jemen og Pakistan mellom 2001 og 2023. Nesten halvparten av desse var sivile. Det opplyser NRK kjapt oppdatert.

Myndigheitene i USA sette også fleire hundre menneske i fengsel i etterkant av terrorangrepet, fordi dei meinte at dei samarbeidde med al-Qaida. Mange av dei blei sette i fengsel utan å bli dømde i ein domstol først, noko som er eit brot på menneskerettane.

25-årsmarkering

For å markere at det er 25 år sidan terrorangrepet skjedde, var det onsdag kveld eit droneshow i New York. Det var 2977 dronar med ljos – eitt ljos for kvar av personane som blei drepne i terrorangrepet.

Under droneshowet blei omrisset av tvillingtårna gjenskapt.

Terrorangrepet blei dekt direkte på TV etter at det første flyet krasja inn i World Trade Center, og skaka menneske verda over. Mange vaksne kan i dag hugse nøyaktig kor dei var då dei fekk høyre om angrepet, og korleis det vart eit før og eit etter 9/11.

– 100 millionar amerikanarar er for unge til å hugse dagen som endra byen og nasjonen vår for alltid, skriv 911memorial.org.

Dei skriv vidare at det er viktig å minne og lære dei unge som ikkje opplevde hendinga om kva som skjedde for 25 år sidan.

Årleg blir 11. september markert med to lysstrålar der tvillingtårna sto. Foto: Pixabay