Storbritannia skal forby sosiale medium for dei under 16

Forbodet kan vere på plass frå neste vår.

Åshild Slåen
Publisert

Den britiske statsministeren Keir Starmer seier han vil forby sosiale medium for barn under 16 år, ifølgje Reuters.

– Eit fullstendig forbod er det rette valet, seier Starmer måndag.

Forbodet skal inkludere sosiale medium som TikTok, Snapchat, Instagram, Facebook og X, i tillegg til sider som YouTube og spelplattformer der vaksne kan kommunisere med barn.

Signal, WhatsApp og andre meldingstenester blir ikkje inkluderte i forbodet.

Forbod til neste år

Storbritannia er inspirert av Australia, som innførte eit forbod i desember.

Starmer seier Labour-regjeringa kjem til å kome med dei første reguleringane i slutten av 2026.

På den måten kan eit forbod vere på plass til neste vår.

Skeptiske i partiet

I april intervjua Framtida.no Labour-politikaren Samuel Carling, som er den yngste representanten i det britiske parlamentet.

Han er skeptisk til eit fullstendig forbod, og sa då:

– Vi bør heller regulere dei plattformene vi har, og krevje grenser for avhengnadsskapande tenester som «shorts» og «reels», som vi veit påverkar merksemda til unge. Den beste tilnærminga er restriksjonar på funksjonar.

Les meir om kva han sa i saka:

Noreg skal også få på plass eit forbod, men det er hindringar på vegen: