Filmmelding: Father Mother Sister Brother – som ein rast på ein lang fjelltur

Jim Jarmusch er tilbake med tre kortfilmar om familie, aldring og fjerne foreldre, fortalt i umiskjenneleg Jarmusch-stil.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Etter at The Dead Don’t Die frå 2019 ikkje levde heilt opp til forventningane, er det flott å sjå at Jarmusch ikkje har mista grepet.

Father Mother Sister Brother leverer på høgt nivå. Jarmusch gjer kanskje ikkje noko han ikkje har gjort før, men eg tenkjer ikkje at det er eit problem. Ein treng jo ikkje bli skuffa over at Freia ikkje finn opp sjokoladen på nytt kvar gong dei lagar ein Kvikk Lunsj.

«Father Mother Sister Brother»

Regi: Jim Jarmusch

Lengd: 1 time 50 min

Premiere: 10. april 2026

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Drama

 

Anstrengte familieforhold

Dei tre kortfilmane følger tre ulike syskenpar som reiser heim på besøk: til ei stakkarsleg hytte i New Jersey, ein staseleg heim i Dublin og ei tom leilegheit i Paris. Filmane står for seg sjølve, samtidig som dei er ufullstendige.

Vi får eit innblikk i familiedynamikken, hint om korleis ting har vore, men ingen endelege svar. Du kan velje å vere detektiv, eller berre la det mystiske og rare vere mystisk og rart. Uansett vil du få eit vakkert og melankolsk bilde av anstrengte forhold til dei som står oss nærmast.

Tom Waits er tilbake, denne gongen som ein litt rufsete far som ikkje er heilt den han utgjer seg for å vere. Foto: Frederick Elmes/Another World Entertainment

Stel showet

Det er ikkje mangel på kjente ansikt i filmen. Adam Driver spelar ein pliktoppfyllande son, og Cate Blanchett leverer som vanleg på høgt nivå. Tom Waits spelar ein sjarmerande og rufsete far som kanskje skjuler ein ting eller to.

Sjølv med slike store skodespelarar med i filmen, er det to ganske ukjende fjes som stel showet. Indya Moore og Luka Sabbat spelar eit tvillingpar med ein genuin kjærleik og enorm varme som eg sjeldan ser på film. Det er verkeleg verdt å sjå filmen berre på grunn av dei.

Indya Moore og Luka Sabbat i «Father Mother Sister Brother». Foto: Yorick Le Saux/Another World Entertainment

Unik stemning

Det beste med filmen er den unike stemninga. Scenene får lov til å puste. Ting er kleint og morosamt og fint på ei og same tid. Og han er rar. Folk på skateboard i slow motion, raude antrekk, onklar med namnet Bob og Rolexar blir nemnde igjen og igjen, utan nærmare forklaring.

Det er heilt tydeleg at Jarmusch veit kva han likar, og han veit korleis han vil fortelje om det. Denne stemninga er smittsam. Etter filmen følte eg meg som ein regissør med eit kamera, og verda var full av vakre detaljar som det var min å jobb å legge merke til.

Musikken er komponert av Jarmusch sjølv og av artisten Anika. Han passar flott til den opne handlinga; elpiano med masse klang og effektar og masse luft. Det er absolutt musikk å høyre på viss du er på ein skogstur som er like mystisk som han er behageleg. I tillegg har dei med songen These Days av Jackson Browne, som er den ideelle måten å avslutte ein film på.

Anna perspektiv

Filmen er verken den morosamaste eller den mest emosjonelle Jarmusch har laga. Coffee and Cigarettes har fleire vitsar per minutt. Ghost Dog: Way of the Samurai og Paterson er begge meir sindige og spirituelle enn denne.

Foto: Another World Entertainment

Men eg trur at når ein filmskapar som Jarmusch lagar noko nytt, er det veldig enkelt å samanlikne det nye med det gamle. Ein kan lett kan spørje seg «Er dette det beste han har laga?» og tenke «Er det verdt å sjå filmen?».

Eg kan ofte føle på at ting må bli betre, gå fortare, passe på at tida mi blir effektivt brukt og at eg er så produktiv som mogleg. Father Mother Sister Brother fekk meg til å føle på det motsette. Det var som ein rast på ein lang fjelltur med nydeleg utsikt og Kvikk Lunsj.

Så sjølv om filmen er treig, litt kleint skriven og ikkje det beste Jarmusch har laga, vil eg oppmode alle å sjå han. Det kan godt hende du blir å kjede deg, men det overlever ein. I to timar får du sjå verda frå eit litt anna perspektiv; eit som veit å finne det vakre og unike i det heilt daglegdagse, noko vi alle har godt av å bli mint på ein gong i blant.

Terningkast: 5.