EU-parlamentet vil forby konverteringsterapi
Politikarane har røysta for eit forslag om å forby konverteringsterapi i EU.
29. april røysta parlamentet i EU over saka, skriv Pink News. Vedtaket vert sendt vidare til EU-kommisjonen, som innfører og set i verk nye lover.
Konverteringsterapi er allereie forbode i fleire EU-land: Belgia, Frankrike, Tyskland, Malta, Hellas, Spania og Portugal. I Noreg vart konverteringsterapi forbode i 2023.
Konverteringsterapi
Konverteringsterapi er ein praksis som har som mål å endre, undertrykke eller fornekte seksualiteten, seksuell åtferd, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk hos ein person.
Døme kan vere å forsøke å få ein homofil mann til å bli heterofil, eller ei transkvinne til å bli mann. Praksisen er retta mot skeive personar. Det er kontroversielt fordi det krenker den grunnleggande retten folk har til å vere seg sjølve, og fordi det er dokumentert at praksisen har negative konsekvensar og manglande effekt.
Konverteringsterapi har vorte samanlikna med tortur av ekspertar i FN.
Temaet har kome på agendaen etter eit borgarinitiativ som har fått over éin million signaturar.
Forfattarane bak initiativet i organisasjonen ACT (Against Conversion Therapy) peiker på at konverteringsterapi har blitt klassifisert som tortur av FN for å vere diskriminerande, nedsettande, skadeleg og ureieleg. ACT meiner forbodet særleg bør beskytte born, og bør omfatte tilbod, reklame og gjennomføring av konverteringspraksisar.
– EU speler ei nøkkelrolle i å beskytte grunnleggande rettar og bør handle for å kjempe imot alle inhumane praksisar, heiter det i initiativet.
ACT meiner at samtykke må reknast som irrelevant.
Vedtaket i EU-parlamentet lyder slik:
The European Parliament […] Underlines that the absence of legal gender recognition procedures constitutes a violation of fundamental rights; condemns conversion practices, such as practices aimed at changing, repressing or suppressing a person’s sexual orientation, gender identity, and/or gender expression, as violations of fundamental rights, and urges the Commission to tackle them through concrete actions; further urges, in this regard, the Commission to present a proposal for a legal act establishing an EU ban on conversion practices in all Member States as a follow-up action to the ‘Ban on conversion practices in the European Union’ European Citizens’ Initiative[.]







