Senterpartiet sikra eit fleirtal saman med høgresida for å kutte prisane på drivstoff fram til 1. september. Grepet kjem etter at det har vore rekordhøge prisar på drivstoff denne veka, med dieselprisar på over 30 kroner literen. Det vert mellom anna kutt i vegbruksavgifta og CO2-avgifta.
Oljeprisen har skote i vêret etter at USA og Israel angreip Iran i slutten av februar, og Iran svara med å stenge Hormuzsundet, der ein stor del av verdas oljeforsyning vert frakta gjennom. Ekspertar fryktar at oljeprisen kan stige ytterlegare, ettersom «bufferane» i oljemarknaden byrjar å bli tømde.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) kritiserer Stortinget for å overkøyre regjeringa. Han seier til NTB at dette grepet kan gjere vondt verre ved å bidra til å styrke prisstigninga i samfunnet og gi risiko for auka renter.
MDGs Margit Martinsen Bye meiner Sp med dette vedtaket bryt budsjettavtalen med Ap, SV, MDG og Raudt. Avtalen innebar eit løfte om å ikkje danne andre fleirtal i Stortinget som ville få store konsekvensar for statsbudsjettet.
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum gjekk mot Støre-regjeringa då han røysta for billigare drivstoff torsdag. | Foto: Heiko Junge / NTB
Partiet hennar, Socialdemokratiet, som er søsterpartiet til norske Ap, gjorde sitt dårlegaste val sidan 1903, men er likevel det største partiet i landet.
Dei blokkuavhengige Moderaterne har vore med i regjeringa til Frederiksen sidan 2022. Dei har styrkt vippeposisjonen sin når partia på venstresida no manglar seks mandat for å få fleirtal i Folketinget.
Moderaterne vil mellom anna ha lågare skattar i næringslivet, fleksibel pensjonspolitikk og stille strengare krav for å utvikle landbruket. Tilhøva til danske grisar har vore ei viktig sak i valkampen.
Moderaterne er også opptekne av internasjonalt samarbeid gjennom Nato og EU.
Statsminister Mette Frederiksen under valvaka til Socialdemokratiet. | Foto: Mads Claus Rasmussen/Ritzau Scanpix via AP
Iran krev krigserstatning og garantiar
Det er motstridande bodskap rundt fredssamtalar mellom USA og Iran. Donald Trump hevdar at fredsforhandlingar med Iran går «veldig bra», medan Teheran nektar for at dei er i forhandlingar eller har umiddelbare intensjonar om å forhandle med USA. Iran skal ifølge Trump ha latt ti skip passere gjennom Hormuzsundet som ei «gåve».
USA skal ha levert ein fredsplan på 15 punkt til Iran, som mellom anna krev at Iran stansar atomprogrammet sitt og kuttar støtta til militante grupper, som Hizbollah i Libanon. Trump krev også at Iran opnar Hormuzsundet innan 6. april.
Iran har på si side annonsert fem krav gjennom statleg media. Desse inneber at Iran får betalt krigsreparasjonar, internasjonal anerkjenning av Irans rett til autoritet over Hormuzsundet, og ein garanti for at Iran ikkje vert angripe igjen.
Israels forsvarsminister Israel Katz kunngjorde torsdag at dei har drepe sjefen i marinen til den iranske revolusjonsgarden, Alireza Tangsiri. Katz hevdar at Tangsiri var ansvarleg for minelegging i og blokkering av Hormuzsundet.
Iran blokkerer Hormuzsundet som følge av angrepa frå USA og Israel. | Foto: AP Photo/Altaf Qadri
LA-jury: Instagram og YouTube er designa for å gjere born avhengige
20 år gamle Kaley G.M. vann ei rettssak mot Meta og Google i Los Angeles. Ho hevdar at ho vart deprimert og tydde til sjølvskading som følger av at ho vart avhengig av YouTube då ho var seks år, og Instagram då ho var ni.
Ho vart diagnostisert med kroppsdysmorfi og sosial fobi då ho var 13, og ho peikte på sosiale medium som årsaka.
Meta og Google vart dømde til å betale totalt 6 millionar dollar i skadeerstatning. TikTok og Snapchat inngjekk eit forlik med Kaley utanfor retten.
Målet med søksmålet var å bevise at skaden frå sosiale medium er eit resultat av korleis plattformene er designa og styrte; ikkje av brukarinnhaldet i seg sjølv.
Google og Meta har varsla at dei vil anke dommen.
Advokat Mark Lanier representerte Kaley i retten. | Foto: AP Photo/Damian Dovarganes
FN: Slavehandel er det «mest alvorlege brotsverket mot menneskeslekta»
FN vedtok onsdag ein resolusjon som kallar den transatlantiske slavehandelen «det mest alvorlege brotsverket mot menneskeslekta». Det var den Afrikanske Unionen (AU) og det Karibiske fellesskapet (CARICOM) som fronta saka.
Dei viser til storleiken, varigheita, systematikken, brutaliteten og dei varige konsekvensane til slavehandelen.
Vedtaket slår også fast at det er naudsynt med reparasjonar som eit konkret steg for å bøte på dei historiske feilgrepa.
123 statar røysta for resolusjonen, medan USA, Israel og Argentina røysta mot. 52 land, mellom anna Storbritannia, Noreg og alle EU-landa, avstod frå å røyste. USA avviser eit pålegg om reparasjonar for handlingar som ikkje var ulovlege under internasjonal lov på tidspunktet dei skjedde.
Britiske James Kariuki åtvara i salen mot å skape eit hierarki av historiske brutalitetar.
Det var Ghanas president John Dramani Mahama som la fram forslaget. Her talar han til FN i September. | Foto: AP Photo/Richard Drew
Vekas lyspunkt: Mexico vedtar anti-diskrimineringslover for skeive
Senatet i Mexico har vedtatt ei reform som skal oppdatere ordlyden i ei rekke nasjonale lover.
Det inneber at det vert ulovleg å diskriminere på bakgrunn av legning, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk innanfor ei rekke sektorar. Ordlyden vert endra i totalt 28 lover.
Reforma vart samrøystes vedteken med 95 røyster.
Martha Lucía Micher Camarena, leiar for likestillingskommisjonen i senatet, sa under diskusjonen at diskriminering, vald og ekskludering av personar med normbrytande legningar og kjønnsuttrykk er vanleg i fleire deler av dagleglivet i Mexico; mellom anna utdanning, helsetenester, arbeidslivet, bustadmarknaden, idrett og rettssystemet.
Likekjønna ekteskap har vore tillate i alle statane i Mexico sidan 2022, etter at høgsterett allereie i 2015 sa det var grunnlovsstridig å nekte likekjønna ekteskap.
Ein deltakar i pride-paraden i Mexico City i 2024. | Foto: AP Photo/Aurea Del Rosario
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.