Siste norske Gaza-aktivist skriven ut frå sjukehus i Tyrkia
Tre av dei fire norske aktivistane landa i Oslo i går.
Den siste norsktilknytte aktivisten som deltok i Global Sumud Flotilla, er skriven ut frå sjukehus i Istanbul, men er ikkje klar for flyturen til Noreg.
Tre av dei fire aktivistane landa på Oslo lufthamn måndag. Dei var blant aktivistar frå 56 land som 14. mai segla frå Tyrkia med den internasjonale flåteaksjonen. Målet var å bryta Israels blokade av Gaza og levera nødhjelp til den palestinske befolkninga.
Totalt vart 430 personar tekne til fange og haldne i israelsk varetekt etter at israelske styrkar borda båtane i internasjonalt farvatn 18. mai. Torsdag byrja Israel å deportera aktivistane, hovudsakleg til Tyrkia.
– Med tungt hjarte reiser me frå den eine deltakaren vår, som framleis er innlagd med alvorlege skadar og treng lang behandlingstid, skreiv organisasjonen i ei pressemelding søndag.
Seint søndag kveld opplyste organisasjonen i ein e-post til NTB at aktivisten no er skriven ut, men at helsetilstanden hans ikkje tillèt at han reiser med fly.
– Han er i Istanbul til han er klar til reising, skriv organisasjonen.






