Føreslår å droppe dansk-undervisning på Grønland

Den grønlandske regjeringa har sendt inn eit forslag til høyring om å fjerne dansk som fag for dei yngste klassetrinna på grønlandske barneskular.

Einar Nygaard
Publisert

Naalakkersuisut, grønlands regjering, har foreslått å fjerne fleire fag, undervisningstimar og skuledagar for dei yngste trinna (1.-3- klasse). Eit av desse faga er dansk.

Undervisningsspråket på Grønland er grønlandsk, men dansk er i dag obligatorisk som fyrste framandspråk frå fyrste klasse, og dei to språka er offisielt likestilte sidan 2002.

Forslaget skal mellom anna sikre at elevane får sterkare språkleg og matematisk kompetanse, seier regjeringa.

Leiar for Grønlands største arbeidsgivarorganisasjon, Christian Keldsen, er bekymra for endringa.

– Det høgare utdanningssystemet krev gode dansk-kunnskapar, og med mindre danskundervisning kan ein få dårlegare føresetnad for å delta, seier han til den grønlandske avisa Sermitsiaq.

Høyringsfristen for forslaget er i dag, 10. februar.

Kvifor lærer dei dansk?

Grønland er eit sjølvstyrt område innanfor kongeriket Danmark. Difor lærer dei dansk i skulen, sjølv om dei fleste snakkar grønlandsk.