Visste du at Danmark selde desse øyane til USA for 109 år sidan?
USA kjøpte Jomfruøyane frå Danmark, mot at dei godkjente det danske kravet på Grønland.
Ein tidlegare versjon av denne saka vart først publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.
Forholdet mellom Nato og USA er anstrengt etter at USA har gjenteke sine krav om å overta Grønland frå Danmark. Fleire nasjonar har sendt militært personell til øya for å støtte Danmark.
Donald Trump har ikkje utelukka at han vil bruke militær makt for å få kontroll over øya av sikkerheitspolitiske omsyn.
Dei amerikanske Jomfruøyane
- Dansk koloni frå 1672 til 1917
- Hovudstad: Charlotte Amalie
- Statsform: Amerikansk delvis sjølvstyrt territorium
- Landareal: 350 km²
- Innbyggartal: 100 000 (2024)
- Point Udall er det austlegaste punktet i USA
Slavar arbeidde på plantasjane
Noreg var i union med Danmark frå slutten av 1300-talet og fram til 1814. Dansk Vestindia høyrte dermed ikkje berre til Danmark, men til Danmark-Noreg.
Dei første som blei sende frå Danmark-Noreg til dei karibiske øyane for å arbeide, var fangar frå fengsel, tiggarar og fattige. Seinare blei slavar henta frå Afrika.
I Bergen, Halden, Trondheim og Oslo var det fabrikkar som reinsa råsukker frå slaveplantasjane i Dansk Vestindia.

SUKKERHUSET: I denne fabrikken i Trondheim reinsa dei sukker frå 1754 til midt på 1800-talet.
Dei fleste innbyggarane på øyane var slavar. Totalt kom 110 000 slavar med skip frå Afrika til Dansk Vestindia.
Selt til USA for 25 millionar dollar
I 1848 var det slutt på slaveriet i Dansk Vestindia. Det blei etter kvart mindre lønnsamt å produsere sukker, og Danmark begynte å diskutere å selje øyane til USA.

FRIMERKE: Det var ikkje alle i Danmark som ville selje Dansk Vestindia. Her er eit frimerke frå 1916.
Etter fleire år med forhandlingar, blei Danmark og USA einige. I 1917 kjøpte USA Dansk Vestindia for 25 millionar dollar.
USA ønskte å kjøpe øyane for å ha ein militærbase der og hindre at det tyske keisarriket blei utvida. For å få kjøpe øyane måtte USA godkjenne Danmark sitt krav på Grønland.
Den vesle øya Little Saint James, var med på kjøpet. I 1998 vart ho kjøpt privat av milliardæren Jeffrey Epstein. I dag er øya kjent for å vere staden der fleire offer seier Epstein og andre høgtståande personar gjennomførte seksuelle overgrep.

31. MARS 1917: Dette bildet av eit postkort viser dagen då USA tok over øyane. Fotoalbumet tilhøyrte Sophie Petersen.
Frå plantasjar til turisme
Då europearane rydda plass til plantasjar, øydela dei mykje av den tropiske skogen. Men øygruppa har framleis eit tropisk klima med flotte strender og korallrev. Den viktigaste næringa på øyane i dag, er turisme.
Dagleg kjem det opptil ti cruiseskip til hamna i Charlotte Amelie.
Hovudstaden har framleis namnet til ho som var dronning av Danmark-Noreg frå 1670 til 1699.







