Yrket mitt:
Togleiar Pia (26) måtte halde hovudet kaldt etter at ei jernbanebru rasa i elva
Pia Nøst Pedersen ønsker seg helst ikkje store overraskingar på jobb.
– Eg trur folk ofte tenker at vi berre styrer raudt og grønt lys, men vi gjer ganske mykje meir enn det, skriv Pedersen i ein e-post til Framtida.
Pia Nøst Pedersen jobbar som togleiar for Bane Nor i Trondheim. Ein togleiar sit på ein av trafikkstyringssentralane til Bane Nor og styrer togtrafikken på ei jernbanestrekning.
Togleiarane har mange dataprogram som skal sikre at trafikken går trygt, og at tryggleiken til dei som jobbar i sporet vert vareteken. Nokre hendingar kjem likevel brått på.
Pia Nøst Pedersen
Alder: 26
Frå: Trondheim
Yrke: Togleiar
Utdanning: Studiespesialiserande; jernbaneskulen i Oslo.
– Kva er det mest utrulege som har skjedd deg på jobb?
– For oss er det ikkje noko ønske om at det skjer store overraskingar. Toga skal gå i rute og komme trygt fram, understrekar ho.
– Men det oppstår jo sjølvsagt hendingar der vi må vere ekstra påkopla. Det mest utrulege må vere då det raste ned ei jernbanebru mellom to stasjonar på Dovrebana.
Brua, som går over Gudbrandsdalslågen i Ringebu, vart skada og fall i elva som følger av ekstremvêret «Hans» i august 2023.
Pedersen var ikkje sjølv på jobb då brua fall, men ho fekk mykje ekstra arbeid i etterkant. Mange ruter vart forseinka, og togleiarane måtte tenke på nye måtar for å få trafikken fram effektivt.
– I ein slik akutt situasjon gjeld det å halde hovudet kaldt og prøve å løyse problemet på ein trygg måte. Du må kunne halde oversikt over fleire ting samstundes, og ikkje la deg stresse, då det er du som skal forsøke å løyse problema som oppstår, med gode kollegaer i ryggen.
Og det er jo nettopp difor togleiarane sit der, understrekar Pedersen.
Hadde ingen plan
Pedersen fortel at det er heilt tilfeldig at ho enda opp med toglogistikk. Etter vidaregåande fekk ho plass på sjukepleiarstudiet, men det var noko i henne som følte at det ikkje var rett veg å gå.
– Då eg var ferdig på vidaregåande, var eg veldig usikker på kva eg ville finne på. Eg hadde eigentleg ingen klare planar for kva eg ville drive med i framtida, noko eg trur er veldig normalt for dei fleste på denne tida, skriv ho.
Medan ho søkte jobbar, kom ho over ei stilling som togekspeditør. Ho ana ikkje kva det var eller kva det innebar, men det høyrdest interessant ut. Ho las seg opp og bestemte seg for å søke.
Under intervjuet fekk ho mellom anna høyre at ho kunne ta vidareutdanning som togleiar.
Løn under utdanning
Då Pedersen enda opp med å få plass på jernbaneskulen, vart ho veldig glad, men det var også skummelt med eit yrke ho aldri hadde høyrt om før og visste lite om.
– Samstundes var eg veldig klar for nye utfordringar, skriv ho.
Etter ei utdanning som bestod av både teori i Oslo og praksis i Trondheim, byrja ho å jobbe på ulike jernbanestasjonar frå Dombås til Bodø. Etter kvart ønskte ho seg nye utfordringar, og ho søkte difor om å vidareutdanne seg som togleiar.
Bane Nor har nyleg oppretta ei eiga, løna direkteutdanning for togleiarar. Det første kullet hadde 600 søkarar til 21 plassar. Etter endt utdanning er minsteløna 686 000 kroner pluss turnustillegg.
Må ete ved pulten
Som togleiar jobbar Pedersen turnus. Togleiarane har som regel åtte timars vakter, eller tolv timar i helgene.
Når Pedersen kjem på jobb, overtek ho styringa av ei jernbanestrekning. Ho får informasjon om kva som skjer med toga, og status på dei tekniske installasjonane.
I tillegg til togleiarar er det kommunikasjonsfolk og teknikarar på sentralen. Ein er aldri åleine på jobb, fortel Pedersen.
– Men du har likevel ein stor grad av ansvar, og ein må ta avgjerder raskt. For det meste må vi ete matpakken ved pulten, skriv ho.
Mykje nytt
– Svarte yrket til forventingane?
– For å vere ærleg hadde eg ikkje så mange forventingar, for eg ana ikkje kva eg gjekk til. Men utdanninga vart vel ein del tøffare enn eg hadde trudd! Det var mykje ny teori om forskjellige ting eg aldri hadde høyrt om. Men vi hadde det også veldig gøy.
Ho fortel at det var mange progresjonstestar, prøver og eksamenar i studieløpet, for å sikre at ein verkeleg forstår det ein skal halde på med. Etter siste eksamen var det ein god praksisperiode der ho sat «åleine», men saman med ein rettleiar som kunne hjelpe til om det var noko.
Då ho bestemte seg for å søke som togleiar, hadde ho mykje meir kunnskap, og ho gledde seg til nye utfordringar i kvardagen, med større ansvar og nye måtar å tenke på.
– Det svarte absolutt til forventingane, og eg trivst veldig godt i jobben, skriv ho.
Mange uføresette hendingar
Pedersen meiner det beste med jobben er den varierte arbeidsdagen. Dagen består av mange forskjellige scenario der ho får testa kunnskapen ho har tileigna seg.
– Det vil alltid komme noko ein ikkje har vore borti før, som ein må finne ei løysing på, og det synest eg er spennande, skriv ho.
Ho fortel om eit godt samhald og samarbeid med kollegaene på sentralen, og at dei ofte finn løysingar på tvers av avdelingane.
– Det mest utfordrande, men også det mest spennande, er at det nesten dagleg oppstår uføresette hendingar. Då er det togleiaren som må løyse flokane, skriv ho.
Ho meiner difor at yrket passar for dei som likar å ha ein variert og uføreseieleg arbeidsdag.
– Hos oss er det folk i alle aldrar, og vi er alle ganske forskjellige, noko som gjer at teama vert gode.











