Studentprosjekt får arkitektpris

Arkitektstudentane Hesam Booryaei og Daaneel Rahman føreslår studentbustader og eit offentleg byrom under Puddefjordsbrua.

NPK–Sara Rose Zadig
Publisert

Prosjektet Studentbolig Beneath er blant årets mottakarar av «DOGA-merket nykommer», ein pris som løftar fram dei beste arbeida frå studentar og nyetablerte innan design og arkitektur.

Forslaget utfordrar førestillinga om kvar det går an å bu i den pressa studentbyen Bergen.

– No håpar me at prosjektet kan inspirere både kommunar, studentsamskipnader og arkitektmiljø til å sjå nye moglegheiter på stadar som elles blir ignorerte, seier Hesam Booryaei i ei pressemelding.

Frå mørkt rom til møteplass

I bacheloroppgåva har studentane analysert støy, vibrasjonar, lysforhold og sosiale utfordringar under Pudderfjordsbrua – og samla inn erfaringar frå over 150 studentar om kva som skal til for å skape eit trygt og attraktivt bumiljø.

Men prosjektet handlar om meir enn berre bustader.

Tidlegare uutnytta kvadratmeter blir omdanna til ein levande møteplass for både studentar og nabolag. Studentbolig Beneath inkluderer eit offentleg byrom med kafé, gjenbruksbutikk, klatrevegg og delefunksjonar som vaskeri og treverksstad.

– Berekraft handlar ikkje berre om materiale, men om å bruke byen smartare. Under brua finst det kvadratmeter som i dag ikkje kjem nokon til gode, seier Booryaei.

Pressa bustadmarknad

Bustadmangel rammar studentane hardt i norske byar, særleg der tomtene er få og dyre. I Bergen står mange utan tilbod gjennom samskipnaden, og prosjektet Studentbolig Beneath viser korleis byrom kan bli ein ressurs.

Studentsamskipnaden Sammen har ikkje vurdert prosjektet konkret, men er på generelt grunnlag positive til studentbustadprosjekt som skapar nye og inkluderande byrom.

– For at slike prosjekt skal vere gjennomførbare må pris på tomt vere tilstrekkeleg rimeleg og kommunen vere samarbeidsorientert når det gjeld regulering og støykrav, seier styreleiar i Sammen , Sjur Selsvik til Nynorsk pressekontor.

Moglegheiter under brua

Om ideen blir røyndom, kan det gi Bergen eit heilt nytt nabolag der det i dag berre er skugge og asfalt.

Som Hesam Booryaei sjølv understrekar til Nynorsk pressekontor, handlar det om å endre tankegangen: moglegheitene finst, det står berre på viljen å realisere dei.