Onsdag møtte den danske utanriksministeren Lars Løkke Rasmussen og den grønlandske ministeren for utanrikssaker Vivian Motzfeldt amerikanske styresmakter for å diskutere framtida til Grønland.
Etter møtet med president Donald Trump kunne Rasmussen fortelje at dei framleis var grunnleggande ueinige, ifølgje NRK. Trump uttalte at han ikkje kan stole på at Danmark forsvarer Grønland sjølv, og meiner USA må overta øya for å styrke tryggleiken i området.
Ifølgje NTB har fleire europeiske Nato-land sendt soldatar til øya, inkludert Noreg, Sverige og Tyskland.
Folk går i gatene i Nuuk på Grønland. | Foto: AP Photo/Evgeniy Maloletka
Tusenvis er døde etter demonstasjonar i Iran
Etter over to veker med demonstrasjonar i Iran, skal det vere over 2600 dødsfall og over 18 400 arresterte, ifølgje Human Rights Activists in Iran. Det er vanskeleg å få stadfesta nøyaktige tal fordi styresmaktene i stor grad har kutta tilgangen til internett og internasjonale telefonsamtalar, ifølgje Deutche Welle.
Demonstrasjonane starta 28. desember som ein respons på inflasjon og ein krevjande økonomi, og har hovudsakleg vore mot styresmaktene i den islamske republikken.
Donald Trump truga dei iranske styresmaktene med ei «sterk militær handling» for den valdelege responsen mot demonstrantane, ifølgje NPR. Seinare trekte han trugselen tilbake, då han seier at iranske styresmakter har forsikra han om at dei har slutta å drepe demonstrantar, og ikkje har planlagt fleire avrettingar, ifølgje The Guardian. Førebels har ikkje USA fått stadfesta denne informasjonen.
Iranarar på ein demonstrasjon mot styresmaktene i Teheran. | Foto: UGC via AP
Regjeringa deler ut 57 olje- og gasslisensar
På Sandefjord-konferansen fekk 19 forskjellige selskap nye løyve til å leite etter olje og gass i førehandsdefinerte område (TFO). Løyva fordeler seg på 31 lisensar i Nordsjøen, 21 i Norskehavet og 5 Barentshavet, ifølgje ei pressemelding.
Den 26. konsesjonsrunden blir utsett, ifølgje NTB. Konsesjonsrunden var eigentleg planlagt til starten av 2026, og ville lyst ut heilt nye område.
Samstundes føreslår Energidepartementet at dei kan legge til 70 nye blokkar i området som selskapa allereie vinn ut olje og gass i.
Snorre B i Snorrefeltet i Nordsjøen. | Illustrasjonsfoto: Ole Jørgen Bratland/Equinor
Det har vore nye samanstøytar mellom den syriske hæren og den kurdiske militære gruppa Syrian Democratic Forces (SDF). Den syriske hæren har bede sivile rundt Aleppo, hovudstaden i Syria, om å evakuere, og det er venta å danne seg ein ny kampfront aust for byen, ifølgje Al Jazeera.
Fleire krigarar frå SDF forlèt Aleppo førre veke, etter at dei to gruppene 9. januar vart einige om ei våpenkvile. Sidan då har gruppene skote på kvarandre, og begge sider skuldar den andre for å stå bak valdelege åtak.
Den kurdiske gruppa har kontrollert delar av hovudstaden sidan krigen braut ut i 2011, og kontrollerer framleis område i nordaustlege delar av landet. Den syriske presidenten Ahmed al-Sharaa vil foreine landet under éi leiing, men dei kurdiske styrkane er skeptiske til den islamistiske regjeringa til al-Sharaa, ifølgje VG.
Sivile på flukt ved ein humanitær korridor ved Hamima, aust for Aleppo. | Foto: AP Photo/Omar Albam
Store demonstrasjonar mot ICE i Minneapolis
ICE-agentar skaut ein mann i beinet, etter han ifølgje amerikanske styresmakter skal ha gått til åtak mot dei, skriv VG. Dette er den andre skytinga frå innvandringsmyndigheitene i Minneapolis i USA på kort tid, og har utløyst store protestar. Renee Good vart skoten og drepen av ICE for ei veke sidan.
Demonstrantane blir møtt med tåregass og bluss av føderale agentar, og det har vore fleire samanstøytar mellom dei og ICE.
Ifølgje ordføraren Jacob Frey er det 3000 agentar frå det nasjonale byrået i byen. Mange av agentane vart først sende til byen på grunn av skuldingar om velferdssvindel i barnehagar i det somaliske miljøet i delstaten, men det vart sendt endå fleire etter Good vart drepen.
Ein demonstrant i Minneapolis står med ein paraply når det har blitt avfyrt bluss. | Foto: AP Photo/Adam Gray
Lyspunkt: Kina og India produserte mindre kolkraft i 2025
Det er første gong sidan 70-talet at dei to landa har brukt mindre kolkraft, ifølgje The Guardian. Produksjonen fall med 3 prosent i India, og 1,6 prosent i Kina.
Dette skjedde trass i auka energibehov i begge landa. Ifølgje ein rapport for Carbon Brief skjedde nedgangen på grunn av ein rekordvekst i elektrisitet frå fornybare energikjelder i fjor.
Nyheita er spesielt gledeleg fordi India og Kina stod for 93 prosent av auken i karbonutslepp mellom 2014 og 2024.
Eit kraftverk i Harbin, Heilongjiang i Kina. | Foto: Ziang Guo via Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.