Amrit Kaur bryt med Raud Ungdom – vil byggje opp kommunistpartiet

Raud Ungdoms (RU) tidlegare leiar Amrit Kaur har meldt seg ut av partiet – og inn i Revolusjonært kommunistisk forbund.

NPK-NTB
Publisert

– Eg er revolusjonær kommunist på ordentleg. Og for oss kommunistar er det plikta vår å byggje opp den revolusjonære organiseringa, kommunistpartiet, skriv Kaur på den lukka Facebook-gruppa «Rød Ungdom intern», skriv Klassekampen.

 

Der skriv ho også at ho har vorte med i den maoistiske organisasjonen Revolusjonært kommunistisk forbund (RK).

Til avisa seier ho at ho melder seg ut av RU fordi det er ungdomspartiet til Raudt.

– Og det gjer at dei blir veldig tvinga til å jobbe parlamentarisk. For revolusjonære som meg er det ikkje rett å bruke kreftene på det.

Kaur gjekk av som ungdomspartileiar i september etter at ho hadde lagt ut ein video på TikTok der ho sarkastisk kommenterte drapet på den amerikanske ytre høgre-aktivisten Charlie Kirk.

Ho fekk også kritikk då ho i mai i fjor publiserte ein TikTok-video der ho mellom anna stempla statsminister Jonas Gahr Støre, Nato-sjef Jens Stoltenberg og oljefondssjef Nicolai Tangen som terroristar.

No har ho forlate Raud Ungdom og vorte med i RK. RK trur ikkje på den forma for demokrati som vi har i Noreg – og Maos Kina og Stalins Sovjet blir løfta fram som kjelder til inspirasjon. Dei omtaler seg sjølve som ein partiførebuande organisasjon, som jobbar for å byggje det kommunistiske partiet i Noreg.

 

Har du fått med deg desse sakene?