Snart kan du velje kor mykje KI du får opp på TikTok

TikTok lar deg snart velje kor mykje KI du får opp i feeden, og dei skal òg begynne å vassmerke innhald laga av kunstig intelligens.

Einar Nygaard
Publisert

TikTok skal no gje brukarar moglegheit til å redusere mengda KI-laga innhald dei blir vist av algoritmane, skriv The Guardian. Det kom fram på TikTok sin årlege tillits- og sikkerheitskonferanse i Dublin.

På konferansen sa Jade Nester, ein av toppleiarane i selskapet, at mange likar innhald laga med KI-verktøy.

– Vi vil gje folk makta til å sjå meir eller mindre av det, ut frå kva dei føretrekkjer, seier ho.

På konferansen avslørte dei òg at plattforma inneheld meir enn éin milliard KI-videoar. På verdsbasis blir det kvar dag lasta opp meir enn 100 millionar videoar og bilete til TikTok, så KI-innhaldet utgjer ein liten del av den totale mengda.

I dag står det i retningslinene til TikTok at alt «realistisk» innhald laga av kunstig intelligens skal vere merkt, og framover vil KI-innhald bli merkt med eit eige vassmerke.

Avgjerda kjem samstundes som TikTok får kritikk for å seie opp hundrevis av moderatorar i Storbritannia, og erstattar dei med kunstig intelligens.

Til det svarar TikTok at det er heilt essensielt å balansere menneske og teknologi for å halde plattforma trygg.

– Vi vil gjerne redusere kor mange menneske som blir eksponert for skadeleg innhald så raskt som mogleg, og der er støtte frå maskinar veldig nyttig, seier Brie Pegum, global leiar for programstyring av tillit og sikkerheit i TikTok.