Ny leiar: Marte (24) skal leia Fagforbundet Ung
Helsefagarbeidar Marte Sofie Thorbjørnsen (24) brenn for å vareta lærlingane. No skal ho kjempa for dei yngste arbeidstakarane i Fagforbundet.
– Dei viktigaste sakene for Fagforbundet Unge i 2025 har vore utviding av tannhelsereforma, bustadkampanjen vår og utvikla organisasjonen vår, gjennom mellom anna den store studentsatsinga vår, skriv Marte Sofie Thorbjørnsen.
24-åringen frå Hurumlandet vart nyleg valt til ny leiar i ungdomsorganisasjonen til Fagforbundet. Ho har sidan i sommar sete som nestleiar, og tek over for Jeanette Lea Romslo, som har hatt vervet sidan 2022.
Marte Sofie Thorbjørnsen
Alder: 24
Personleg pronomen: Ho
Frå: Sætre i Hurum
Yrke/utdanning: Helsefagarbeidar
Favorittfag på skulen: Helsefag
Ulike verv: Ungdomstillitvald både lokalt i Buskerud og no sentralmedlem i Fagforbundet
Psykisk helse og unge i jobb
Fagforbundet Ung er for Fagforbundet sine medlemmar under 30 år, og tel i dag 52 000 medlemmar.
– Me er framtida, men også her og no, så me skal vera med å forma politikken og utvikla organisasjonen vår for framtida, understrekar den nyvalde leiaren.
– Kva er den største sigeren på årets landsmøte?
– Organisatorisk fekk me gjennomslag for å gjera det beste frå studentprosjektet til ein del av vedtektene våre, og politisk vil eg trekkja fram forslaget frå Ung-delegaten Mats Bakker som fekk fleirtal i salen, om å understreka viktigheita av psykisk helse i handlingsprogrammet vårt.
Den neste kampen er likevel ei meir klassisk sak når det kjem til unge på arbeidsmarknaden.
– Eg fekk høve til å utfordra Kine Asper Vistnes på at det er over hundre tusen unge menneske i dag, som står utanfor jobb og utdanning. Dette blir ein kamp eg har lyst å ta framover saman med det nye sentrale ungdomsutvalet.
Lærlingmøte
Thorbjørnsen vil vera ein målretta, tydeleg og rettferdig leiar.
– Det er viktig for meg å vera forståeleg, audmjuk, men også litt sta. Eg har mange førebilete, men Jeanette Romslo, Alexander Liane og Erik Fjellestad Næss utmerkjer seg spesielt. Det er dei som har følgt meg heile vegen og har bygd meg som den tillitsvalde eg er i dag. Og dei er tidenes heia-team.
Thorbjørnsen er utdanna helsefagarbeidar og jobba på Drammen sjukehus fram til desember 2023, då ho vart frikjøpt 100 prosent, som ungdomstillitsvald i Fagforbundet Buskerud.
Det var under utdanning at engasjementet hennar først starta.
– Mitt første møte med arbeidslivet var som lærling, og det vekte engasjementet mitt for at ein skal ha det bra på jobb. Eg ønskte å bli med å bidra til det, og takka fort ja til å stilla som tillitsvald i lokal fagforeining.
Lærlingar, arbeidsmiljø og ung arbeidsløyse
– Kva er dine hjartesaker?
– Dei siste åra har eg fått mange av dei, men det eg ønskjer å trekkja fram er varetaking av lærlingar, å ha eit godt arbeidsmiljø og å få bukt med arbeidsløyse blant unge.
– Korleis held du deg oppdatert?
– Eg prøver å halda meg oppdatert på nyheitsbiletet, men mist like viktig er det at eg snakkar mykje med dei ungdomstillitsvalde i fylka om mange av dei dagsaktuelle temaa som kjem fram.
På fritida prioriterer ho å ta igjen tapt tid med venner og familie.
– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?
– Eg er litt for glad i system og orden, så eg kunne kanskje hatt litt godt av å roa litt ned på den fronten.
Idealsamfunnet
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?
– Hadde eg hatt moglegheita, så ville eg invitert storesyster mi som gjekk bort i 2008. Eg ville servert mammas pølsegrateng, som me vaks opp med.
– Du vaknar opp i morgon til din draumenyheit: Kva er overskrifta?
– Fritt Palestina!
– Kva er idealsamfunnet og korleis skal me nå det?
– Eit idealsamfunn er eit samfunn der alle har gode trygge jobbar, og der alle har like moglegheiter uavhengig av lommeboka til foreldra. Det får me til ved at arbeidstakarar organiserer seg og står saman om å påverka politikken og byggja ut velferdsstaten.

– Kva for ei bok burde alle lesa? Kvifor?
– Streik av Jonas Bals, som understrekar viktigheita av arbeidarrørsla og historia hennar.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– The Pitt på HBO
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– I’m a Giraffe av Louis and Dan and Invisible Band.










