Norske menn blir høgare
Gjennomsnittshøgda for menn stig jamt og trutt. Frå 1910 til 2024 var auken i gjennomsnittshøgd på 10 centimeter.

Det viser tal SSB har henta frå sesjonsdata frå Forsvaret, som gir eit godt bilete på gjennomsnittshøgda til nordmenn.
Sidan 1910 har norske menn gått frå 171 centimeter til 180,9 centimeter, som er dagens gjennomsnitt.
– Spesielt mellom 1927 og 1977 vart norske menn mykje høgare, faktisk heile 7,7 centimeter. Det svarer til ein auke på drygt halvannan cm per tiår denne 50-årsperioden. Sidan 1977 har norske menn vorte 1,5 centimeter høgare, skriv SSB.
Ettersom kvinner for alvor har gjort sitt inntog i Forsvaret først i nyare tid, har ein ikkje det same talgrunnlaget her, men ei gjennomsnittleg norsk kvinne blir målt til 166,7 centimeter.
Tala sprikjer internt i landet. Agder kan skilte med dei høgaste mannlege rekruttane med eit gjennomsnitt på 181,8 centimeter på strømpelesten. I Finnmark vart dei målte til 178 centimeter, som er nesten 3 centimeter under gjennomsnittet for resten av landet.
For kvinnene viser det same skiljet seg, der Agder-rekruttane i snitt er 167,3 centimeter, medan dei i Troms og Finnmark er høvesvis 165, 4 og 165,3 centimeter.