SSB: Dette er på topp på ønskelista til folk i Noreg

Elektronikk toppar lista over årets mest populære julegåver.

NPK-NTB/Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Statistisk sentralbyrå (SSB) har sett på importen av ulike varer dei siste månadene før jul, og favorittane held fram med å vere dei same som i fjor, opplyser dei i ei pressemelding.

Topp tre på ønskelista til nordmenn er:

  1. Hovudtelefonar
  2. Mobiltelefon
  3. Høgtalarar

Gaming og parfyme

Også spelkonsollane gjer eit kjempebyks på importlista i år.

I månadene før jul vart det importert spelkonsollar for 384 millionar kroner. Det er nesten ei dobling frå fjoråret.

SSB opplyser også at populariteten til smartklokka daler. Sidan 2021 har importen nesten halvert seg dei tre siste månadene før jul.

– Det kan sjå ut som om færre har sporty nyttårsforsett i år. Tidlegare år har smartklokka vore høgt oppe på mange ønskelister, men i år ser vi altså ein nedgang. Det same gjeld for andre sporty gåver som ski, som har hatt ein jamn nedgang over fleire år, og for snøbrett er nedgangen størst, seier Jan Olav Rørhus ved seksjon for utanrikshandel i SSB.

Importen av parfymar har derimot vore aukande i år.

– Auken er aller størst for den litt rimelegare veslesøstera til parfymen, eau de toilette, opplyser SSB.


Kollasj av Framtida.no. Foto: Stortinget/Privat/Peter Mydsk/Ilja C. Hendel/Olje- og energidepartementet