Yrket mitt: Amalie (28) sa opp draumejobben for å bli frilansar
– Sørg for at du har ein jobb som er fleksibel og betalar nok til at du alltid har høve til å betala leiga, men som gir deg rom til å kunna takka ja til andre jobbar, rår Amalie Meloui (28) dei som vil gå frilans.

– Eg har mange ulike jobbar, og eg elskar det, forklarar Amalie Meloui (28) i ein e-post til Framtida.no.
Ho har ein bachelorgrad i populærmusikk, og omtalar seg sjølv som frilansar, influensar og potet.
Musikkdraum på vent
Etter ho var ferdig med ein bachelor i populærmusikk ved Høyskolen Kristiania var ho klar for å satsa vidare.
– Då eg endeleg skulle byrja å sleppa musikk i 2023 sa alle at ein måtte byrja med TikTok, så det var det eg gjorde. Eg posta litt ulikt, men så tok det heilt av då eg posta ein video om vikarjobben min på Kielferga. Ein jobb eg faktisk framleis har.
Amalie Meloui
Alder: 28
Frå: Sandefjord
Yrke: Frilansar, påverkar og potet
Utdanning: Bachelorgrad i populærmusikk ved Høyskolen Kristiania
Musikkdraumen er lagt midlertidig til sides, noko som òg er tilfelle når det kjem til fast jobb.
– I 2024 fekk eg jobben som prosjektleiar og kulturansvarleg for eit område i Bærum, noko som var utruleg lærerikt og gøy. Her hadde eg mellom anna ansvaret for den daglege drifta for eit lite kulturhus med alt av booking, marknadsføring, avvikling, personell, teknisk rom og scene, og så vidare.
Ho har gjort koordinatorjobbar innan kulturfeltet ei stund, mellom anna på Kielferga, der ho er fast vikar for gjestekoordinatorstillinga.
– Men det å få vera prosjektleiar for eit så omfattande prosjekt var første gongen for meg, og eg elska det.
Vart åtvara
28-åringen føler at ho vil driva med så mykje ulikt og har så mykje å gi at eitt prosjekt ikkje blir nok. Ho sa difor opp stillinga si for å jobba som koordinator og prosjektleiar på frilansbasis.
– Eg hugsar at då eg fortalde at eg skulle seia opp draumejobben var det nokon som sa at «det kom eg til å angra på.» Det tok eg som ei utfordring, og frå første dagen som frilansar byrja jobbane berre å renna inn! Så eg har faktisk ikkje angra ein einaste gong.
Ho har også eit mål om å tena meir enn det ho ville gjort om ho hadde halde på den faste jobben.
– Og la oss berre seia at eg er på svært god veg.
– Svara det til forventningane?
– Absolutt! Det å jobba frilans har gitt meg utruleg brei arbeidserfaring og eg ser på kvar individuelle jobb som ei investering i meg og min verdi som «tilsett.» Vikarjobben min på Kielferga gir meg høve til at eg kan velja og vraka i frilansjobbane, for eg er ikkje avhengig av å ta kva jobb som helst berre på grunn av pengane. Det gir meg ein enorm fridom.
Påverkar-arbeid

Utdrag vlog frå OverOslo på Grefsenkollen
Etter at videoen om Kielferga tok av, har ho halde fram med sosiale medium og jobbar også som influensar med over 50 tusen følgjarar fordelt på alle plattformer under @amaliemeloui.
Det merkar ho at folk kan ha fordommar mot.
– Eg trur folk tenkjer at eg berre sit heime, filmar nokre videoar og så tener feitt på dette. Det stemmer jo ikkje, ikkje for meg. Eg har alltid noko å gjera, men det er jo fordi eg personleg likar å jobba.
Ho har til dømes teke over influensarkontakten for ein samarbeidspartnar, ettersom dei ikkje har tid til å driva med dette sjølv. Det inneber at ho held i all marknadsføring som har med influensarane å gjera, lagar marknadsføringskampanjar og forhandlar avtaler på vegner av samarbeidspartnaren sin.
– Eg sørgjer rett og slett for at alle får det dei fortener og dessutan at det gagnar samarbeidspartnaren min! Veldig moro, forklarar ho.
– I tillegg til dette vloggar eg mesteparten av kvardagane mine på Snapchat @amaliemeloui, og dette inkluderer alle frilansjobbane eg gjer så framt dei synest det er ok. Det gjer dei aller fleste, for det ligg ein del god marknadsføring i å sjå at ein har det gøy saman på jobb!
Jaktar neste jobb
28-åringen sver i likskap med mange andre til klisjeen om at «ingen dagar er like», når ho skal skildra arbeidskvardagen sin.
Tidlegare i år jobba ho som innhaldsprodusent og presseansvarleg for OverOslo-festivalen.
– Som med all annan kultur består det rett og slett av å hjelpa til der det trengst. Det byr på utruleg varierte kvardagar, samtidig som eg får driva med mykje gøy, som det å produsera innhald.
Ein vanleg kvardag består gjerne av å svara på mykje e-postar og planleggja innhald til sine eigne sosiale medium-kanalar.
– Halve jobben for min del som frilansar er jo det å booka neste jobb: Eg plar seia at eg er den du kontaktar når du treng ekspertisen, dedikasjonen og energien til ein heiltidstilsett, men ikkje kan forsvara å tilsetja på heiltid på grunn av budsjett og at arbeidsmengda berre kan forsvarast i visse periodar. Så mykje av jobben min går jo ut på å finna desse bedriftene og menneska som treng mi hjelp!
Fri og uføreseieleg
– Kva er det beste med jobben?
– At eg kan få velja sjølv kva eg ønskjer å jobba med, og dessutan alltid ha høve til å forhandla lønn til kvart prosjekt i staden for å venta på ein lønnssamtale ein gong i året som ikkje har nokon føresetnad for å føra nokon stad. At alle jobbane eg gjer er ei direkte investering i meg sjølv, erfaringa mi og kva eg kan tilby i neste jobb. Og fordelen eg ikkje venta: At eg møter nye menneske, kollegaer og potensielle nye vennskap i alle jobbane eg gjer. Eg har fått så mange nye gode venner!
Det mest utfordrande er å ikkje veta kva det neste halvåret bringar.
– Men det er eigentleg ikkje så utfordrande når eg har Kielferga å falla tilbake på. Eg veit at om eg ikkje har noko jobb i kulturen, influensaryrket eller marknadsføring, så jobbar eg berre der i staden.
Hennar største tips er derfor: Om du ønskjer å gå frilans, sørg for at du har ein jobb som er fleksibel og betalar nok til at du alltid har høve til å betala leiga, men som gir deg rom til å kunna takka ja til andre jobbar.
Stabil økonomi og valfridom
– Eg får oppleva så vanvitig mykje kult i jobbane mine. Eg får dra på utrulege konsertar, møte masse kjende folk, kule nye menneske – det er veldig vanskeleg å velja ut éin spesifikk ting, svarar ho på spørsmålet om kva som er det mest utrulege som har hendt ho på jobb.
Ho meiner tilværet som frilansar passar for dei som ikkje ønskjer å gjera éin ting for resten av livet.
– Førebudde utdanninga deg på yrket?
– På veldig mange måtar – ja. Eg jobbar jo med kultur: festivalar, konsertar, framsyningar og marknadsføring. Og veldig mykje av dette lærte me på musikkstudiet. Mykje av det eg kan om marknadsføring lærte me også om på studiet. Det er veldig mykje av det å marknadsføra seg sjølv og sitt eige artistprosjekt som kan overførast til andre ting!
– Kva draumar har du for framtida?
– Eg ønskjer for meg sjølv at eg har bygd opp eit stort nok nettverk til at eg kan velja jobbar i endå større grad enn det eg får no, og at eg kan få driva med akkurat det eg ønskjer til kvar tid. Og at økonomien er stabil. Det ønskjer eg for meg sjølv!