Den norske kyrkja vil seie unnskyld til skeive
Den norske kyrkja inviterer til pressekonferanse og gudsteneste torsdag 16. oktober for å seie unnskyld til skeive.

Pressekonferansen blir halden på London pub i Oslo klokka 15.30, og blir leidd av preses Olav Fykse Tveit som er leiande biskop i Bispemøtet.
Det vil også vere ei kveldsgudsteneste i Oslo domkyrkje klokka 18, der preses, skeive tilsette og frivillige, og dessutan representantar frå skeive organisasjonar medverkar.
I dag kan alle par gifte seg i kyrkja, og samlivsform blir ikkje vektlagd ved tilsetjing i Den norske kyrkja.
Slik har det ikkje alltid vore, og det har skjedd mykje sidan Bispemøtet på 50-talet omtalte skeive som ein «samfunnsfare av verdsdimensjonar», skriv Den norske kyrkja i ei pressemelding.
I 2022 erkjende biskopane at kyrkja har påført skeive skade og smerte.
Kyrkja nekta mellom anna homofilt samlevende å vere prestar fram til 2007, og ville ikkje vie likekjønna par før i 2017.
Den 16. oktober vil kyrkja seie unnskyld.