AUF har inga nedre aldersgrense for medlemsskap
Ungdomspartiet til Arbeidarpartiet er det einaste av dei større ungdomspartia som tillét medlemmar under 13 år, men nokre få andre tillét òg yngre medlemmar.
Denne saka er skriven av framtidajunior.no.
– Me følgjer lova, slik at alle som er yngre enn 15 år må ha godkjenning av foreldra, fortel Jan Halvor Vaag Endrerud, generalsekretær i AUF til Framtida Junior.
AUF er det einaste ungdomspartiet som ikkje har noko nedre aldersgrense for å vera med.
I Noreg har alle organisasjonsfridom frå dei er 15 år. Då bestemmer du heilt sjølv.
Frå du er 13 år kan du melda deg inn med samtykke frå foreldra dine.
Er du under 13 år, så kan foreldra dine melda deg inn i ein organisasjon. Men dei fleste ungdomspartia har aldersgrense på 13 år.
For fleire tiår sidan fekk ungdomspartia støtte frå staten etter kor mange medlemmar dei var, men no er det talet på stemmer på moderpartia i stortingsvalet som bestemmer kor mykje støtte ungdomspartia får.
Dette er aldersgrensa i andre ungdomsparti:
Frå lågast til høgast:
AUF: Inga aldersgrense
Grøn Ungdom: Året du fyller 12 år
Unge Venstre: 12 år
Raud Ungdom: Året du fyller 13 år
FpU: 13 år
Senterungdommen: 13 år
Sosialistisk Ungdom: 13 år
Unge Høgre: 13 år
Medlemstal fødd i 2010 eller seinare:
Frå flest til færrast:
AUF: 315
FpU: ca. 200
Sosialistisk Ungdom: 125
Unge Høgre: 48
Grøn ungdom: 47
Unge Venstre: 36
Senterungdommen: 23
Framtidajunior.no har kontakta KrFU og Raud Ungdom, men har ikkje fått svar.
Les om May Sami (13) som nyleg melde seg inn i Grøn Ungdom.

May Sami er på Grøn Ungdom sin sommarleir for fyrste gong, og ho vil spreie godheit og vere med å løyse klimakrisa. Foto: Åshild Slåen