Norske ungdommar bruker mest tid på SoMe i Norden

Norske ungdommar mellom 15–34 år bruker meir tid på sosiale medium enn ungdommar frå andre nordiske land.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Ungdom få Noreg brukar 116 minutt i sosiale medium kvar dag, ifølgje ei fersk undersøking frå Mediavision.

Det er 20 minutt meir enn Danmark som har lågast tal.

Fredrik Liljeqvist, senioranalytikar i Mediavision, konkluderer med at norsk ungdom bruker mest tid på so-me i Norden.

– Større konkurranse mot dei tradisjonelle media

Også i andre målgrupper ligg nordmenn i toppen blant dei nordiske landa når det gjeld brukstid på sosiale medium.

– Sosiale medium står spesielt sterkt i Noreg, ikkje berre blant dei unge. Brukstida ligg over det nordiske snittet i alle målgruppene i Norden. Dette gjer også sitt til at konsekvensen på mediemarknaden blir større i Noreg – og ikkje minst konkurransesituasjonen mot dei andre og meir tradisjonelle media, i alle fall på kort sikt, seier Fredrik Liljeqvist, senioranalytikar i Mediavision, i ei pressemelding.

Tidsbruken i heile norden har aukt, ifølgje undersøkinga. Særleg videoar på Tiktok og Instagram er med på å auke tidsbruken.

I toppen på strøyming

Tidlegare i år presenterte Mediavision ei undersøking som viser at 80 prosent av norske hushald abonnerer på ein eller fleire strøymetenester. Det er også på topp i Norden – og rundt 10 prosentpoeng høgare enn det som er realiteten i dei nordiske nabolanda våre.

– Det er tøff kamp om både reklamekroner og pengane frå forbrukar i den norske marknaden. Norske og nordiske medium i Noreg merkar også tydeleg at konkurransen er hardare enn nokon gong, seier Fredrik Liljeqvist.