Halvor Bergkvist (21) tar over for Amrit Kaur
Nestleiar Halvor Bergkvist (21) blir fungerande leiar i Raud Ungdom etter at Amrit Kaur gjekk av.

– Me har hatt eit kort landsstyremøte i etterkant av hendingane, og kan stadfeste at det er eg som blir fungerande leiar framover, seier han til Dagsavisen.
Einaste igjen i toppleiinga
Halvor Bergkvist (21) er den einaste igjen i toppleiinga til Raud Ungdom, og blir no fungerande leiar.
Han var nestleiar saman med Ahmed Al-Saedi, som torsdag morgon trekte seg i protest.
Harselerte med politisk drap
Dette skjedde etter at leiar Amrit Kaur onsdag kveld publiserte ein kontroversiell TikTok-video der ho harselerte med drapet på MAGA-aktivisten Charlie Kirk.
Videoen vart raskt sletta av Kaur og ho uttalte at ho angra.
Massivt press
Etter massivt press også frå Raud Ungdom sitt sentralstyre, og ei klar oppmoding frå Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen om å gå av, trekte Kaur seg under eit døgn etter at videoen vart publisert.
Bergkvist fortel til NRK at leiinga i Raud Ungdom vil bruke helga til å jobbe med å samle laget og legge ein god plan for organisasjonen framover.
Kontroversiell leiing i ungdomspartiet
Bergkvist har vore nestleiar sidan april 2024, etter det kontroversielle landsmøtet i Raud Ungdom.
Ei rekke medlemmar gjekk ut av møtet då leiinga med Amrit Kaur i spissen vart vald den gong, og fleire trekte seg frå partiet.
Det er uvisst om desse vil bli med igjen i partiet, men i eit meiningsinnlegg torsdag skriv fleire av desse at «No håpar me at Raud Ungdom kan ynskje oss velkommen tilbake, slik at me saman kan bygge opp organisasjonen igjen til det han ein gong var».
I oktober vil landsstyret formelt tilsetje ei mellombels leiing under eit møte. På det ordinære landsmøtet våren 2026 vil det ordinære landsstyremøtet velje ein ny leiar.