Mikael (19) saknar breiare perspektiv i politikken: – Meir enn berre matpakka som er viktig

Integrering er ei av dei viktigaste sakene for Vinstra-eleven.

Åshild Slåen
Publisert

Førstegongsveljaren er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen. Fram til valet møter Framtida.no unge som skal stemma ved sitt første stortingsval.

– Eg synest eigentleg MDG tok opp veldig mykje bra her inne. Det var veldig mykje fint og høyre frå dei, sidan dei tok opp mykje som var viktig for folk, inkludert tryggleik og alt det der.

Det seier Mikael Aske Ronsonn (19), når Framtida møter han etter skuledebatten og valtorget på Vinstra vidaregåande skule er ferdig. Ronsonn går Helse og oppvekst, og skal stemme for fyrste gong i år.

Mikael Aske Ronsonn

Alder: 19

Frå: Vinstra

Skule/jobb: Går Helse og oppvekst på Vinstra vidaregåande skule, og arbeider i heimesjukepleia

Hobby: Spele gitar, skate, trene og vere ute.

Sosiale medium: Snapchat og Instagram

 

Han synest MDG var eit av få parti i skuledebatten som tok for seg meir overordna problemstillingar, mot andre parti som køyrde mykje på enkeltsaker.

– Det er meir enn berre matpakka som er viktig. Det var veldig mykje prat om at ein skal få 20 kroner for karbonadesmørbrød, og det er ikkje særleg viktig.

19-åringen er meir oppteken av at fleire som står utanfor arbeidslivet bør få kome innanfor og få gjort det dei vil med livet sitt.

Les meir om skuledebatten på Vinstra:

Vil ha betre innvandringspolitikk

Ronsson meiner all politikk er viktig, sidan det er våre pengar det handlar om, og det til sjuande sist er veljarane som blir påverka av politikken.

Likevel landar han på innvandring som ei sak han bryr seg spesielt om.

– Eg har veldig mykje miksa kjensler rundt akkurat det. Der er forskjell på kontrollert innvandring, og berre sleppe folk ut i samfunnet ulært.

Akkurat der føler han det er mange ting Stortinget kan gjere betre.

– Eg har jo venar som kjem frå familiar der foreldra har budd i eit anna land, men dei er fødd i Noreg, og det har ein veldig stor effekt på korleis det er å leve i Noreg. Å gi folk ein introduksjon til korleis det er i landet vårt er viktig.

Lært av mamma

Politikk er ein naturleg del av diskusjonar i familien til Ronsonn, og spesielt mora har hatt ein påverknad i kva han tenker om politikk.

– Ho har eigentleg gitt meg ein introduksjon over kva eg burde tenke over, når eg tek slike val. Men elles er det mest meg sjølv.

Ronsonn meiner det er skilnader i korleis hans generasjon ser på politikk, og generasjonen over.

– Dei er jo eldre enn oss og har levd på eit heilt anna tidspunkt enn oss, så dei er jo gamaldagse. Dei eldre generasjonane meiner at vi yngre burde vere strammare, meir ordentleg og burde gå litt tilbake til korleis ting var før, og når det er eit problem så må ein vere direkte med dei folka det gjeld.

Det gjer at dei kan ha forskjellige løysingar på dei same problema.

– Handling pratar høgare enn ord, så det er viktig å først gjere endringar sjølv, sidan alle er ein del av fellesskapet, og det er noko av det som gjer oss til Noreg.

Ta det roleg og berre gjer det

Ronsonn får nyheiter frå VG sin Snapchat-kanal, i tillegg til litt nyheitsvarsel. Elles søker han opp informasjon, dersom det er noko spesifikt han vil vite meir om. Då er det ofte nasjonale nyheitsmedium som kjem opp.

Helsearbeidaren er sikker på at han skal stemme i år. For Ronsonn er politikk viktig, og han meiner ein bør prøve bidra til kven som styrer landet vårt.

– Veldig mange folk har ikkje moglegheit til å ha så stor effekt på korleis det er her i verda. Difor er det best at ein gir makta til nokon ein stolar på til å gjere ei forandring.

– Korleis er det å skulle stemme for første gong?

– Det er jo så klart eit veldig stort press frå folk rundt, men viss ein berre tek det roleg og tenkjer over sine eigne ynskjer og at ein berre er ei lita drope i eit stort hav av menneske i dette landet her, så kan ein skjønne at det må litt meir til for at jorda skal gå under.

Han synest ikkje ein skal vere så bekymra for å velje feil.

– Det er eigentleg berre å følgje sine eigne ynskjer, få folk med på ei betre framtid og gjere det.


Les meir om perspektivet til andre førstegongsveljarar: