Ivan (19): – Det er stress å skulle stemme for første gong
Ivan Jahren (19) vurderte å la vera, men no vil han bruka stemmeretten sin – sjølv om han synest politikken er full av tomme lovnader og vanskeleg å forstå.

Førstegongsveljaren er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen. I løpet av sommaren møter Framtida.no unge som skal stemma ved sitt første stortingsval.
– Det var ei god stund eg hadde eit stort hat mot politikk og heile systemet.
Orda kjem frå CNC-lærling Ivan Jahren (19) på Almek Industri i Horten, ein torsdag formiddag i mai.
Ivan Jahren
Alder: 19
Frå: Tønsberg
Skule/jobb: CNC-lærling ved Almek Industri, ferdig på Færder vidaregåande skule, Industriteknologi
Hobby: Ingen, driv eige ENK som lyd- og lysmann i tillegg til å laga 3D-modellar.
Sosiale medium: Snapchat og TikTok
I år har han for første gong stemmerett i eit valår, men det var ikkje sjølvsagt at han skulle bruka stemmeretten.
– Eg likte ikkje nokre av alternativa og ikkje måten nesten alle politikarar seier at dei skal gjera ting, men aldri svarer ordentleg. Så ei lang stund tenkte eg at eg ikkje ville støtta dette systemet ved å stemma.
– Skal du stemma i år?
– Eg må nok det. Eg har skjønt at det er mykje verre å ikkje stemma, og blitt litt meir vaksen.
Stress
– Korleis er det å skulla stemma for første gong?
– Stress. Det er mykje ein må tenka på. Mi stemme avgjer jo ikkje alt, men eg vil vera med å bidra til at Noreg held fram med å vera eit så suverent land som det er. Eg likar ting som det er, sjølv om det alltid kan bli betre, så eg vil gjerne styra det litt i den retninga eg vil med mi stemme.
Han fortel at han ikkje er så veldig interessert i politikk, men interessert i å ha den framtida han ønsker og dimed må sjå på dei alternativa han har.
– Eg stemmer ikkje berre for å stemma, men fordi eg har lyst til å få mine meiningar fram. Det er berre at eg ikkje er einig med nokon av partia, så eg må berre finne dei eg er mest samd med.
Sjølv er han ein del av ein vennegjeng med stort politisk engasjement der fleire er medlem i ulike parti, men utan press og føringar på kva han skal meina og stemma.
– Nokre saker høyrer eg kanskje om frå dei først, men så går eg heim og les meg opp og finn mi eiga meining.
Han seier han går direkte inn på partia sine sider for å finna ut kva dei meiner, og tør ikkje søka andre stader.
– Kva med sosiale medium?
– Eg bruker berre Snapchat til meldingar, og TikTok av og til. Der får eg ikkje så mykje norske nyheiter med mindre det er noko veldig stort, og veldig lite politikk. Algoritmen har skjønt at eg ikkje likar å få oppdateringar om kva Erna gjorde i går.
Komplisert å forstå
Han synest det er svært vanskeleg å ta eit val når ein ikkje er heilt samd med nokon av partia. Særleg vanskeleg blir det når ein ikkje berre kan sjå på kva som står i partiprogramma, men må lære seg mykje anna i tillegg.
– Det var til dømes eit parti som var aktuelt for meg, men så såg eg kva parti dei ville samarbeida med og då blei det heilt uaktuelt.
I tillegg ser han at partia lovar stort og heilagt, men skulle ønska det var ei slags prioriteringsliste og ikkje minst ei realistisk forklaring på korleis dei har tenkt å faktisk få til tinga dei lovar.
– Eg likar ikkje det politiske systemet, fordi det er så komplisert å finna ut kven ein vil stemma på. Det gjeld politikarane som knapt tør å lova eller seia nokon ting, fordi plutseleg går det ikkje og så blir me sure på dei. Men me blir jo sure på dei uansett.
Han synest også det er vanskeleg med dei mindre partia, som ikkje har plass på Stortinget i dag.
– Eigentleg er eg kanskje mest samd med eit av dei mindre partia som ikkje er på Stortinget, men det følest også litt bortkasta å stemma på eit så lite parti. Då vil eg heller vera med og faktisk påverka.
Men om det blir heilt umogleg å velja når valdagen nærmar seg, trur han likevel det blir det vesle partiet valet fell på. Kva parti det er, vil han ikkje seia offentleg.
– Eg er ikkje så veldig privat person eigentleg, men eg føler det har blitt så ladd med politikk. At om ein stemmer ulikt, så kan ein ikkje vera vener og dele verdiar, men så er det jo berre at me har litt ulike meiningar – me er jo menneske.
Kan ikkje berre stoppa med olje
– Synest du skulen har førebudd deg på valet og det å vera ein som skal stemma?
– Nei. Det var mest fokus på politikk på barne- og ungdomsskulen, men det me lærte då er jo ikkje relevant lenger når me faktisk kan starta å stemma. Eg føler også at dei kasta så mykje informasjon på oss på ein gong, at det for meg blei veldig overveldande.
Sjølv om han ser på seg sjølv som ein person som ikkje er interessert i politikk, har han likevel mange meiningar som fell innanfor det politiske.
– Eg er ikkje noko politisk geni, eg har berre mine meiningar.
Olje og skule står kanskje sterkast.
– Det høyrest kanskje feil ut, men eg meiner me ikkje berre kan stoppa å utvinna olje. Eg ser kvar einaste dag kor ekstremt avhengige me er av det, og tenker at me er nøydde til å finna alternativa før me fasar ut olja.
– Vil ikkje ein stoppdato gjera at ein pressar fram alternativa fortare?
– Eg meiner det er betre å finna fram alternativa først, og ha tid til å testa dei. Me må også bruka olje for å kunna laga alternativa. Jo før, jo betre.
Også skulepolitikken gjer han engasjert. Sjølv har han gått på industriteknologi på Færder, og er dimed ein av dei som har gått ein meir yrkesretta veg på vidaregåande.
– Nyleg gjorde eg lys og lyd på eit arrangement der Arbeidarpartiet og utdanningsministeren heldt foredrag, og der var det ein del eg ikkje var einig i. Til dømes at yrkesfag skal få meir studiespesialiseringsfag inn i seg, det er eg fullstendig ueinig i.
Han meiner mange som går yrkesfag slit med skulen som det er, og at ein ikkje bør tvinga meir teori på alle, men heller la det bli eit val.
– Det er jo mange som kosar seg på verkstad og med å gjera fysisk arbeid, alle skal ikkje sitta bak ein PC på eit kontor. Eg likar skulesystemet godt som det er no, men ein treng ikkje legga på folk meir stress.
Ein generasjon utan håp?
Jahren har teke eit aktivt val om å skjerma seg ein del frå nyheiter, sjølv om mormora meiner han burde få med seg det meste.
– Hovudgrunnen til at eg ikkje aktivt følger med på nyheitene, er fordi eg ikkje vil bli konstant påmint om kor øydelagt verda er. I tillegg er det så mykje informasjon og så mykje clickbait, sladder og drama. Eg skulle ønska eg kunne filtrera ut berre det som faktisk er viktig.
– Korleis påverkar dei dystre nyheitene og verda i krise deg når du skal stemma for ei framtid?
– Eg vil seia at min generasjon har mista litt håp. På 80-talet var det hol i ozonlaget, men så fiksa dei det, og så føler eg den generasjonen blei cocky og trudde dei kunne fiksa jorda, men så har jo alt gått nedover.
Han trekker fram berekraftsmåla frå FN om å etterlata oss ei betre framtid for neste generasjon, men føler ingen generasjonar har følgt den ordentleg.
– Det er litt deprimerande å skulla setta seg ned med eit stemmeark, og vita at du er ein av fleire millionar stemmer, men du har lyst til å også «fiksa verda». Du har nett sett på nyheitene at alle som har stemt før deg og prøvd å fiksa verda stemte, og korleis det går nedover no. Me stemmer, men verda går framleis skeis.
Han trur mykje handlar om at eldre politikarar ikkje tør gjera store nok endringar, og føler at unge ikkje blir ordentleg lytta til.
– Eg veit me ikkje kan setta ein 19-åring til å styra og tenka at «No skal Noreg bli bra igjen». Men så nøytrale dei skal vera når dei styrer landet, så synest eg dei gjer ein dårleg jobb med å representera dei framtidige generasjonane som faktisk har sagt sine meiningar og kva dei ønsker å få fram. Me er jo unge, og veit ikkje 100 prosent konsekvensen av alt som skjer – men det veit ikkje dei heller.