Kåring av årets FpU-ar er eit høgdepunkt for leirdeltakarane: – Eg tykkjer det er viktig at vi heiar kvarandre opp
Volleyball, fest og kåringar er noko av det som blir trekt fram som det beste med FpU sin sommarleir.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.
Tidleg ein fredag morgon ringer det i telefonen til Framtidas journalist, som er på veg til Skottevik på Sørlandet. I andre enden er FpU-leiar Simen Velle.
– Eg høyrer du er på veg til sommarleiren vår. Kva i gode gud er det du vil her hos oss? spør han spøkefullt.
Etter ei kort forklaring ønskjer han Framtida.no velkomen.
– Berre hent pressepass i skranken, så kjem du inn.
Høgt medietrykk
Framtida.no er ikkje aleine om å vitje Framstegspartiets Ungdom sin sommarleir denne dagen. Også Aftenposten og NRK er til stades. Pressekontakt Sander Nilsen gir beskjed om at vi må vere ute av sommarleiren kl. 15.
Det er ikkje overraskande at FpU har fleire medievitjingar. Frp har klatra stødig på målingane, og ligg no an til å bli høgresidas største parti ved stortingsvalet.
At trykket då aukar også på dei unge medlemmane, og at FpU derfor har lagt tydelege rammar for media og vitjingar, kan vere forståeleg.
Nilsen forsvinn inn i bygget der FpU-arar høyrer på foredrag. Han kjem ut igjen med fire fylkes- og lokallagsleiarar.
På veg til ein eigna plass å prate, plukkar vi opp ein leiar til, og pressekontakt Audun Greve. Han er høg, har propp i øyret, og følger oss heile dagen.
Volleyball og samhald
Ein av FpU-arane Framtida.no får prate med, er Filip Czyz (19). Czyz synest sommarleir er noko heilt unikt.
– Sommarleir i seg sjølv er jo noko magisk, eigentleg.
Czyz trekker fram fleire aktivitetar som gjer sommarleiren spesiell for han.
– Alt i går så vann gruppa mi quizen. Og det var jo gøy, sjølvsagt.
Likevel er turneringane i volleyball og fotball noko av det beste med leiren, meiner Czyz.
Også Viola Tetlie Stangenes (19) seier turneringane er noko av det beste.
– Fylkeslaget mitt vann volleyballturneringa i fjor. Eg er veldig glad i å spele volleyball, så det var ganske stas.
– Det å sjå det samhaldet og kor glad ein blir, ein blir liksom så gira. Det likar eg. Eg gler meg til å spele igjen i år, seier ho.
– Sommarleir er rett og slett fantastisk.
God stemning og god musikk
Stangenes seier ho også gler seg til debattkonkurranse og fest.
Framstegspartiets Ungdom er eitt av få ungdomsparti som har festing på programmet under sommarleiren.
– Korleis er festen her?
– Det er veldig gøy. God stemning, og alle er vener med alle og tek godt vare på kvarandre, seier Stangenes.
– Det er god stemning og god musikk.
– De er dei einaste eg veit om som har alkohol som ein del av programmet. Korleis er det, tykkjer du?
– Det går veldig fint. Vi har under-18-ansvarlege, gode vektarar og godt personell. Og vi har eit opplegg for dei under 18 også.
Rebus og kåringar
Ein av dei under 18 er Theodor Vik Thorkildsen.
– Eg er 17 år gamal no. Eg hadde bursdag i går, faktisk.
– Kva er det beste med sommarleir, tykkjer du?
– Det må nok vere alle menneska. Dei hyggelege samtalene ein får, banda ein skapar, og vennskapane ein bygger, seier han.
– Og så er det sjølvsagt skikkeleg fint vêr her på Sørlandet!
Eit høgdepunkt for Thorkildsen er rebusløpet, som han i år var med å arrangere.
– Det var kjempegøy. Ein gjekk frå post til post, og hadde ulike oppgåver ein skulle løyse. Det var veldig gøy å få vere med å arrangere, seier han.
– Eg fekk tilbakemelding på at det var veldig gøy for dei som var med. Så det var jo hyggeleg.
Ein av dei som likte rebusen var Tilde Roswall (19), leiar av Asker og Bærum FpU.
– Rebusen var veldig morosam, det var ein fin måte å bli kjent på tvers av ulike fylkeslag og lokallag.
Ho fortel vidare at FpU har kåringar, mellom anna av årets FpU-ar.
– Utdelingane av prisar likar eg godt. Då er heile salen veldig med.
Filip Czyz trekker òg fram kåringane som eit høgdepunkt.
– Eg tykkjer det er viktig at vi heiar kvarandre opp, og løftar dei som har gjort ein ekstra innsats. Det tykkjer eg berre er bra.