Gyldendal fekk internasjonal pris for Instagram-bok

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er utruleg gøy! Dette er ein ide eg har brent for lenge, og det å få slik ei anerkjenning eit år etter utgjevinga er stort.

Det seier forfattar Alexander Kielland Krag til NRK.no, som først melde om saka.

World changing ideas

Forlaget Gyldendal er nemleg kåra som vinnar av Fast Company si årlege prisutdeling World changing ideas.

Grunnen er at debutromanen til Alexander Kielland Krag, «Dette blir mellom oss», vart lansert på Instagram, før han kom ut i papirformat.

Målet var å nå unge lesarar i alderen 15-18 år på den plattforma dei er. I 45 dagar fekk lesarane innblikk i kjærleikshistoria om Felix som fell for Nicolai gjennom små tekstar, levande bilete og musikk på Instagram Stories.

Skjermbilete frå kapittel 1 på Instagram.

Nøgd med hovudrolla

I samband med lanseringa i fjor avslørte Kielland Krag kven han hadde sett føre seg spele hovudrolla, om boka skulle gå frå mobilskjerm til det store lerretet.

– I Instagram-versjonen av Dette blir mellom oss, speler Elias Lunde-Huseby hovudpersonen Felix. Det er eg nøgd med. I Hollywood-versjonen hadde Tom Holland fått rolla, fortalde debutanten.

Sjekk ut bokhylla til Alexander Kielland Krag her!

Desse bøkene fekk Alexander Kielland Krag til å grine, le, verte sint og tenkje.

5000 daglege lesarar

Ifølge NRK fekk Instagramkontoen @dbmo_2020 9000 følgjarar og i snitt las 5000 dei daglege oppdateringane. Det er kring dobbelt så mange lesarar som salstala til ein vanleg ungdomsroman.

Boka var mest populær blant jenter i alderen 15 og 25 år og heile 77 prosent av lesarane på Instagram fullførte lesinga.

NRK sin bokmeldar Anne Cathrine Straume trur konseptet kan trekkje nye lesarar, men synest det er vanskeleg å seie kor stort potensiale denne typen historieforteljing har.

Allereie i august er Kielland Krag aktuell med ei ny ungdomsbok på sosiale medium.


Sabina Store-Ashkari (20) og Alexander Fallo (35) har begge teke steget frå Instagram-poesi til diktbok på Cappelen Damm denne våren. Foto: Mary Store, Anna-Julia Granberg/Blunderbuss