Vivian (26) møtte pave Frans: – Vår alles far og bestefar

Den tidlegare leiaren av Norges Unge Katolikker håpar Vatikanet ser til Filippinane når dei skal velja ny pave.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg trur kanskje eg sa «hei», for eg vart så starstruck og han hadde så mjuke, varme hender og såg på meg med eit så hengive blikk, fortel Vivan Phan på telefon til Framtida.no.

I mai i fjor var ho ein av dei heldige som fekk handhelsa på nyleg avdøde pave Frans, som sidan 2013 har vore leiaren for den katolske kyrkja verda over.

Bakvegen til Peterskyrkja

Phan var leiar i Norges Unge Katolikker frå 2022 til 2024 og var i Roma på ein ungdomskonferanse.

Ho hadde sett paven ved fleire høve tidlegare og trudde dette skulle vera ei liknande oppleving. Først dagen før gjekk det opp for ho a ho skulle få handhelse på han.

– Det var heilt uverkeleg oppleving. For det første vert ein køyrt inn bak Peterskyrkja og går inn der styresmaktene er, noko som er spanande i seg sjølv.

Vivian Phan på vitjing i St. Peterskyrkja i Roma. | Foto: Privat

Helsekø

Ho veit ikkje kvifor, men fortel at ho vart henta fram til andre rad i rommet der dei hadde audiens med paven.

– Eg såg veldig bra og rett framfor meg var ein liten barnefamilie. Pave Frans er veldig kjent for å helse på babyar og velsigna dei.

Vidare fortel ho at han haldt ein flott tale om og for unge, ei sak ho oppfatta som viktig for paven.

– Så stilte folk seg opp i kø for å helse på paven. Det var mange som hadde teke med seg teikningar dei hadde laga eller noko dei ville ha velsigna, men eg hadde ikkje tenkt så langt. Eg hadde tenkt å seia at eg var glad i han, men så vart eg så starstruck.

Landsstyret i Norges Unge Katolikker 2023–2024. Vivian Phan (i midten) har gått av som leiar og har no ansvar for karitativt utval.

Eit siste halleluja

Som ung katolikk i Noreg har pave Frans vore viktig for Phan. Ho var sjølv konfirmant i St. Magnus kyrkjelyd då pave Frans vart vald til ny pave for tolv år sidan.

Andre påskedag kom nyheita om at den argentinske paven, som vart fødd Jorge Mario Bergoglio, var død.

For katolikkar er det spesielt at paven døydde andre påskedag og at han fekk med seg eit siste «halleluja», som ifølgje katolsk tradisjon ikkje skal seiast før 1. påskedag etter fasta, då Jesus sto opp att frå dei døde.

Radikalt kjærleiksbodskap

Phan vil hugsa den avdøde paven som ein som verkeleg levde ut Kristi radikale kjærleiksbodskap.

– Eg vil hugsa han som ein utruleg raus person. Varm og hengiven. Ein som stiller opp for dei svakaste i samfunnet.

Phan skjønar at det kan opplevast litt fjernt for den gjengse nordmann når katolikkar verda over no sørgjer over ein 88 år gamal mann, som har gått bort etter eit langt liv.

– Han er vår alles far og bestefar. For dei som ikkje har møtt han og sett han personleg er han likevel ein inspirasjon og trusførebilete, forklarar ho.

Kvinner inn i Vatikanet

Personleg set ho stor pris på prosessane som den nyleg avdøde paven har sett i gang i Vatikanet for å gje kvinner ein større og meir formell plass i Den katolske kyrkja.

Kvinner kan ikkje bli prestar i den katolske kyrkja, men dei siste åra har dei fått fleire viktige posisjonar. 

– Han er ein person som gjer «porten høg og døra vid». Han hadde blikket vendt utover og såg kva verda trengde, seier Phan.

Ho viser mellom anna til pavens engasjement for flyktningar under migrantkrisa og korleis han har stått opp for dei som vert råka hardast av verdas urettferd.

Fillipinsk favoritt

– Har du ein favoritt til å ta over som ny pave?

– Eg håpar på at det blir nokon som opplevast som samlande for kyrkja i ei kaotisk og uroleg tid, når folk strøymer til kyrkja. Nokon som klarar å halda oss relevante, svarar Phan.

Til sommaren skal ho tilbake til Roma, og er spent på kven som då er ny pave.

– Personleg trur eg det hadde vore gøy med han filippinske kardinalen, kardinal Tagle. Det hadde vore spanande med ein asiatisk pave. Der er eg kanskje litt biased. Men det hadde vorte ein ny første med den første paven som ikkje er kvit.

Kardinal Luis Antonio «Chito» Gokim Tagle (67) frå Filippinane er erkebiskop av Manila. Han vert ifølgje Reuters omtala som «Asias Frans» på grunn av sitt engasjement for sosial rettferd.

«Chito» er imot abort i heimlandet, som har den største katolske befolkninga i Asia. Han vert likevel rekna som ein liberal kandidat og har vore oppteken av korleis kyrkja sin retorikk rundt homofile har bidrege til å isolera denne gruppa, ifølgje VG.