Regjeringa foreslår ny samtykkelov – seier at «berre ja betyr ja»

Ei ny lovføresegn om valdtekt skal krevje at det blir gitt aktivt samtykke før seksuell omgang.

NPK-NTB
Publisert

Seksuell omgang skal vere basert på at det er frivillig, er grunntanken i lovforslaget.

– Torsdag 10. april legg Ap-regjeringa fram forslag til ny samtykkelov, og her slår vi fast at berre ja er ja, sa justisminister Astri Aas-Hansen då ho talte til Aps landsmøte fredag formiddag.

I dagens straffelov betyr valdtekt at ein skaffar seg seksuell omgang ved vald eller truande åtferd, at personen er medvitslaus eller av andre grunnar ikkje er i stand til å motsetje seg handlinga.

Samtykkelova skal setje opp rammer for kva som juridisk sett skal omfattast av valdtektsregelen i straffelova og kva som blir rekna som kvalifisert samtykke til å ha sex.

Det har vore stor debatt om kva ei lovendring skulle innebere – om samtykke skulle formast ut som eit «ja-krav» eller eit «nei-krav».

No vil regjeringa at det blir straffbart å ha seksuell omgang med nokon med mindre dei aktivt har gitt sitt samtykke. At den andre ikkje har sagt «nei» eller ytt motstand, vil ikkje lenger vere nok. Blir lova vedteken, må ein forsikre seg om at den andre ønskjer å ha sex.

Allereie då Arbeidarpartiet og Senterpartiet meisla ut Hurdalsplattforma i 2021, vart det varsla at regjeringa skulle få på plass ei ny samtykkelov. Sidan den gongen har straffelovsutvalet komme med sine tilrådingar til endringar i lova.

Det ligg no an til at lovforslaget vil bli behandla av Stortinget før sommaren.