Aftenposten legg ned Si;D: – Trur terskelen for å ytre seg blir mykje høgare

Aftenposten vil treffe unge gjennom sosiale medium, men Oda Oline Omdal (21) fryktar viktige stemmer forsvinn frå debatten.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg er eigentleg skikkeleg lei meg for det og synest det er skikkeleg trist.

Det seier Oda Oline Omdal på telefon til Framtida.no etter at det vart kjent at Aftenposten legg ned debattsida for unge Si;D.

Debattsida var Høgre-politikarens første møte med samfunnsdebatten, og ho har skrive innlegget «Hvem skal Si;D nå?».

– Eg har opplevd Si;D som ei lågterskelplattform der kven som helst kan sende inn. Det har vore eit utruleg viktig talerøyr som har nådd eit stort publikum, utdjupar ho til Framtida.no.

Det var Medier24 som først melde at Si;D blir lagt ned.

Høgare terskel

Omdal opplever at «vaksensider» har avvist debattinnlegg frå unge fordi dei til dømes har vore litt rotete, men at Si;D-redaksjonen har kome med tips til korleis ein kan forbetre innlegga og hatt god oppfølging i etterkant av publisering. 21-åringen har òg opplevd at innlegg om tema som ikkje er heilt dagsaktuelle, men som er viktige for unge, har blitt avvist andre stader.

Oda Oline Omdal fylkestingsrepresentant for Høgre i Agder og rådgjevar i Civita. Foto: © CF-Wesenberg / Kolonihaven.no

Når både Aftenposten Si;D og P3 Meninger er lagt ned, er ho redd vi vil miste viktige stemmer.

– Eg trur terskelen for å ytre seg blir mykje høgare.

Endra medievanar

– Si;D har vore ei fantastisk plattform for unge i Aftenposten sidan 2005, men det har skjedd litt i medievanane sidan den gong, forklarar kulturredaktør i Aftenposten Cecilie Asker til Framtida.no.

Då Si;D vart lansert, var det papiravisa som var den viktigaste debattarenaen, og Facebook, Instagram og TikTok var ikkje ein realitet i Noreg.

– Unge både konsumerer ting på ein annan måte og er på andre plattformer, så vi ser at vi må vere der dei er og presentere innhald som dei ønskjer.

Tidlegare i år gjennomførte Aftenposten eit innsiktsarbeid der dei såg på korleis dei kan engasjere betre og breiare. Dei snakka med tidlegare skribentar i Si;D, unge generelt og andre medium. Det synte at unge føretrekker video framfor tekst og bilete.

– For oss var Si;D berre for debattinnlegg. Lista for å skrive var ganske høg, og dei siste åra har det vore stadig fleire ungdomspolitikarar og unge som er engasjerte i organisasjonar som har delteke, og stadig færre av dei «vanlege stemmene».

Aftenposten kjem ikkje til å avpublisere gamle tekstar, men det vil ikkje bli publisert nye meiningsinnlegg.

– Så inviterer vi unge til å skrive på vanleg debattplass, og debattredaktøren kjem sikkert til å prioritere dei innlegga, men vi satsar ganske mykje meir på å nå ut til unge i sosiale medium.

Svakt argument

Oda Oline Omdal synest det er eit svakt argument at debattsida for det meste har blitt brukt av ungdomspolitikarar og ikkje «vanlege» unge.

– Det er utruleg mange andre som også har brukt plattforma. Det har vore alt frå unge som har skrive om å vere kronisk sjuke til folk som har kjent på rasisme, og redaksjonen har henta inn folk som aldri har hatt innlegg på trykk før.

For mange unge engasjerte vil lokalavisa vere einaste alternativ for å ytre seg i media, og der kan det vere vanskeleg å løfte den nasjonale debatten meiner Omdal. Ho trur heller ikkje det blir noko enkelt å få innlegg på trykk hos Aftenposten.

– Det er enkelt å seie at ein skal prioritere unge, men det sa NRK også då dei la ned «P3 Meninger», og i dag er det sjukt vanskeleg å få noko på trykk.

Ho er glad VG si debattside for unge eksisterer, men meiner det er få ressursar sett opp mot antal innlegg. Med fleire debattsider, kunne fleire blitt høyrt.

– Det er ikkje rart at ein mistar stemmer som ikkje er ungdomspolitikarar når ein opplever å få avslag og endar med å forsvinne ut av debatten, seier Omdal, som sjølv er fylkesrepresentant for Høgre i Agder.

Samfunnsansvar

– Eg synest at Aftenposten har eit samfunnsansvar, og då er det eit dårleg val å heve terskelen ytterlegare ved å leggje ned den mest kjente plattforma, seier Oda Oline Omdal.

Cecilie Asker i Aftenposten understrekar at dei ikkje ønskjer at terskelen for unge debattantar skal bli høgare.

– Vi ønsker dei velkomen til debattsidene. Men erfaringa over tid er at lista allereie er der for mange og vi må gjere andre prioriteringar.