Nordland og Vestfold får ikkje prøva valfritt sidemål
Fylkeskommunane fekk nei av Utdanningsdirektoratet på søknadane om å prøva valfritt sidemål. Maria Strand Munkhaug (H) meiner tida er moden for eit nytt forsøk.

– Det er nesten 20 år sidan ein har hatt eit slikt prøveprosjekt i Oslo, som er ein ganske annan kommune enn Nordland fylkeskommune. Det er på høg tid at ein får oppdatert kunnskap om dette og ikkje forankrar alle avslag i det prøveprosjektet gjort for 20 år sidan.
Det seier Maria Strand Munkhaug (H) på telefon til Framtida.no.
Førre veke fekk ho og dei andre politikarane i fylkestinget i Nordland avslag på søknaden om å prøva ut valfritt sidemål i den vidaregåande skulen. Det same fekk Vestfold fylkeskommune.
Både Nordland og Vestfold har borgarleg fleirtal i fylkestinget, som sikra støtte for å søkja om forsøket.
Skuffa over avslaget
Utdanningsdirektoratet skriv i avslaget til Vestfold fylkeskommune at det ikkje er noko behov for eit nytt forsøk med valfritt sidemål. Direktoratet legg til grunn at forsøket ikkje samsvarar med språklova og det ansvaret fylkeskommunen har for å bruka, utvikla og styrka både bokmål og nynorsk.
Høgrepolitikaren i Nordland er skuffa, men ikkje overraska over avslaget dei fekk.
– Eg synest det er synd fordi det sender eit veldig tydeleg politisk signal frå regjeringa, med kunnskapsministeren i spissen, om at dei ikkje ønskjer at elevane skal få moglegheit til å velja meir sjølv i Nordland, seier ho
Strand Munkhaug opplever at det er ei sak som engasjerer elevar i fylket, og fortel at politikarar ofte får spørsmål om sidemål på skulebesøk.
Valfritt sidemål
Sist gong det vart gjennomført eit forsøk med valfritt sidemål i vidaregåande skule var i perioden 2004-2007, då elevar ved ni vidaregåande skular i Oslo fekk høve til å velje bort skriftleg evaluering i sidemål. Evalueringa av forsøket viste ei betring i karakteren i skriftleg hovudmål, men ingen positiv effekt på elevane sine leseferdigheiter. Forskarane fann ikkje noko endring i elevane sine haldningar til norskfaget, men ei svak positiv endring i haldningane til nynorsk. Forskarane fann òg at dei elevane som valde å ha evaluering i sidemål, fekk mangelfull undervisning og presterte dårlegare enn venta.
Strand Munkhaug avviser at prøveprosjektet er ei «skroting» av sidemål, som for dei fleste elevar i fylket er nynorsk. Ho understrekar at valfritt sidemål inneber at elevane sjølv kan velja om dei vil ha vurdering i sidemål, og at dei framleis vil læra om dei historiske linjene, sjølv om ein lærer mindre grammatikk.
– Det viktigaste er at ein kan det ein skal når ein går på vidaregåande. Det viktigaste er at ein har det ein treng i hovudmål, rekning og matte og fag ein treng for å kome inn på draumestudiet.
Strand Munkhaug trur utfallet av søknaden kunne vorte annleis med ei borgarleg regjering, og utelukkar ikkje at fylkeskommunen kan søkja på nytt at etter eit eventuelt regjeringsskifte.
Mållaget jublar
Noregs Mållag er på si side nøgd med avgjerda frå Utdanningsdirektoratet.
– Dette er veldig bra for alle elevane i Nordland og Vestfold, og bra for nynorsken, seier leiar Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.
Han er ikkje i tvil om kva resultatet av ei slik ordning ville blitt:
– Prøveprosjekta ville ført til at færre elevar fekk opplæring i sidemål. Når sidemål ikkje blir vurdert som ein eigen del av norskfaget, blir det ofte nedprioritert av både lærarar og elevar. Dette vil på sikt svekkja nynorsken si stilling i samfunnet, i strid med dei språkpolitiske måla Stortinget har vedteke, seier Peder Lofnes Hauge.