Sogndølen syng Maroon 5 i dusjen og skulle gjerne ha skrive «Both Sides Now».

Åshild Slåen
Publisert

Det er straks to år sidan Gunn Kvaale vann Luttprisen som Årets nykommar. Sidan då har sogndølen sjarmert folk med popmusikk på dialekt. Akkurat no har ho dilla på Genom Eld & Vatten av Estraden, og høyrer på musikk tre til fire timar dagleg.

 

@gunnkvaale @estraden «Genom Eld & Vatten» 💗 #coversforlovers ♬ eld & vatten (sped up version) – @estradenofficial – estraden

MGP Junior og Grinepop

Musikkgleda starta tidleg for Kvaale. Det inkluderer også albumkjøp.

– Kva var det første albumet du kjøpte sjølv?

– Det må ha vore Malin frå MGP Jr i 2005 sitt Malin på månen-album, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Kvaale syng ikkje om «Sommer og skolefri», men trur heller ikkje musikksmaken hennar har endra seg særleg sidan tenåra.

– Hehe, det gjekk mykje i grine-pop då også.

 

Fakta

  • Namn: Gunn Marit Kvåle
  • Alder: 22
  • Frå: Sogndal
  • Aktuell med: Singelen «Helium»

Men det er ikkje alltid grinepop er det mest passande.

Dette høyrer ho på når ho er …:

… glad: «Grace Kelly» – MIKA

… lei seg: Melissa Horn

… sint: Skaar – «Five Times»

… treng ein sjølvtillitsboost: Whitney Houston – «Queen of the Night»

Lennon og Swift

– Kva for artist (levande eller død) ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?

– Eg har akkurat vore på The Beatles-museum i Liverpool, og tenkjer at det kunne vore veldig interessant å ha ein lengre privat samtale med John Lennon. Berre for å få oppleva hans vesen og personlegdom.

Når det kjem til konsertopplevingar, synest ho det er vanskeleg å peika seg ut ein favoritt.

– Åh, det har vore mange! Eg skal få med meg The Eras Tour i Wien i år, så det trur eg blir eit høgdepunkt!! fortel Kvaale om Taylor Swift-konserten.

Gunn Kvaale er sjølv ein Singer-songwriter. | Foto: Gunn Kvaale

Taylor Swift er ikkje den einaste singer-songwriteren ho er fan av. Kvaale skulle blant anna ynskja ho kunne vore den som skreiv Joni Mitchells «Both Sides Now».

Kari Bremnes og Kristian Kristensen

– Om du fekk vera med på «Hver gang vi møtes», der deltakarane er både norske og internasjonale: Kva for artistar ville du delteke med? 

– Oi! Hmmm: Taylor Swift, Joni Mitchell, John Mayer, Kari Bremnes, Zara Larsson og Kristian Kristensen.

– Kva for ein av låtane dine drøymer du om å høyra tolka?

– Det ville vore heilt magisk å høyra Joni Mitchell gjort «i can tell that i’m losing you now» …

– Kva låttolking ville du sjølv spelt for ein annan av artistane?

– Eg ville gjort ein versjon av John Mayer sin «Belief»!

Favorittar

Favorittsjanger: Singer-songwriter

Favorittband: We met in June

Favorittlåt: The Civil Wars – «Poison and Wine»

Beste treningslåt: David Guetta feat. Sia – «She Wolf (Falling To Pieces)»

Verdas beste kjærleikslåt: Eva Cassidy – «Songbird»

Guilty pleasure: Rockabilly og blues, hehe …

Bryllaup og gravferd

I dusjen syng ho Maroon 5, men i bryllaupet hennar vil det vera andre tonar. Då toppar «From this moment on», «My heart will go on» og «Ta mitt hjerte» lista.

I gravferda er det derimot «Den fyrste song» som skal få spela.

– Kven er din draume-duettpartnar – og kva låt skulle de teke?

– 100 prosent Kristian Kristensen og «Snakke Varsomt».

– Kven er verdas mest undervurderte musikar?

– Gunn Kvaale 😉