Thunberg åtvarar Noreg mot å opne vassdrag: – Ein flaum av grønvasking

Fleirtalet i Stortinget skal tysdag vedta å opne for kraftverk i verna vassdrag. Miljøaktivisten Greta Thunberg er blant demonstrantane som åtvarar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Oppdatering: Tysdag klokka 15. vart det klart at Stortinget utset behandlingen av stortingsmeldinga som opnar for kraftverk i verna vassdrag til torsdag.

– Dei har forvrengt åtvaringane våre i ei flod av grønvasking, sa Greta Thunberg då ho heldt appell for ei rekke demonstrantar utanfor Stortinget tysdag.

Aktivisten åtvara mot å leggje til side verna av vassdrag gjennom det ho kalla «falske løysingar».

Ho meiner at det ikkje går an å setje valet mellom natur og klima opp mot kvarandre.

– Norske politikarar foreslår å rive opp allereie ekstremt utvatna kompromiss og seie at det er ok å ofre fleire verna vassdrag. Alt i gjerrigheitas namn, seier Thunberg.

Vil tillate kraftverk

Klokka 15 skal Stortinget stemme over forslaget om å tillate bygging av vasskraftverk i elvar som har status som verna.

I dag har Noreg 390 slike verna vassdrag.

Føresetnadene for opning er at samfunnsnytta – til dømes i form av flaumdempande effekt – blir vurdert som stort. Og at miljøkonsekvensane blir rekna som akseptable.

Eit breitt fleirtal beståande av Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet har varsla at dei kjem til å stemme for ei slik opning.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) opplyser at partiet snur og vil stemme imot forslaget om å opne verna vassdrag.

KrF snur

I utgangspunktet var også KrF for, men partiet har no snudd.

– Vi ser at formuleringa no kan skape uvisse. Derfor vil vi ikkje stemme for forslaget som ligg føre, seier Kjell Ingolf Ropstad i KrF til NTB.

Ropstad understrekar at det hovudsakleg er fordi formuleringa i det opphavlege forslaget kan skape uvisse.

– KrF er framleis for å kunne byggje noko flaum- eller skredvern i verna vassdrag. Slik vi ser det, står lova fast, som klart seier at ein ikkje kan byggje ut dersom det går ut over verneverdiane, seier han.

MDG ber Ap avklare

Saka har skapt stort engasjement, og både utanfor Arbeidarpartiets landsstyremøte måndag og utanfor Stortinget tysdag har det vore demonstrasjonar.

Une Bastholm i MDG var også blant dei som heldt appell utanfor Stortinget.

– Dette er det største angrepet på norske elvar på mange tiår. Og det skjer utan ei skikkeleg demokratisk behandling. Det er ein trist dag for villaks, fossekall, elvemuslingar og eigenverdien i urørt natur og elvar som får renne fritt frå fjell til fjord, seier Bastholm.

Ho legg no press på Arbeidarpartiet for å avklare kva dei eigentleg meiner om vassdragsvern.

– Vil dei som Høgre og Frp ha mykje meir kraft i verna vassdrag eller ikkje?

SV: – Ikkje sånn vi driv politikk

Lars Haltbrekken i SV åtvarar også stortingsfleirtalet mot å stemme for forslaget.

– Fleirtalet viser forakt for demokratiet. Dei gjer enorme endringar i vernereglane, heilt utan at det er greidd ut og privatpersonar og kommunar har fått seie meininga seie. Dette er ikkje sånn vi driv politikk i dette landet, seier han.

– Med eit pennestrøk blir det opna for kraftutbygging i elvar som skulle vere verna mot kraftutbygging for æva.