Oscar (20) er på autismespekteret – etterlyser betre tilrettelegging i skulen
Oscar Eliassen Fink er aktiv i Unge Venstre. Han vil bruke si eiga historie til å løfte kor viktig tilpassa opplæring er.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2022/09/shild-2-e1662559227818.jpg)
– Eg skjønte jo at eg var annleis då eg gjekk på barneskulen. Så å seie frå første klasse til åttande klasse vart eg mobba.
Det seier Oscar Eliassen Fink på telefon til Framtida.no. Han er frå Sunnfjord, er medlem i Unge Venstre, og brenn for at elevar skal få tilrettelegginga dei treng og den tilpassa undervisninga dei har rett på.
I dag er han stipendiat ved N3rd-culture på Skogn Folkehøgskole, der han har møtt mange andre likesinna.
Skulelei
Fink er på autismespekteret, men fekk ikkje nokon diagnose før han gjekk i andreklasse på vidaregåande. Det meiner han gjorde skuletida vanskelegare, og at han ikkje fekk nok tilrettelegging.
Til dømes prøvde foreldra å sørgje for at han kunne bruke PC på fagdagar og tentamen på ungdomsskulen, sidan han skreiv betre på tastatur enn på papir.
– Det fekk eg ikkje, fordi skulen la til grunn at eg ikkje hadde ein diagnose som gav meg rett på tilrettelegging.
Fink meiner skulen braut lova og peikar på plikta til å gi tilpassa opplæring, uavhengig om ein elev har ein diagnose eller ikkje.
Sjølv etter diagnosen opplevde Fink at det var vanskeleg å få tilrettelegging. Personar på autismespekteret kan til dømes vere sensitive for stimuli som berøring, smak, lukt, lys og lyd. Han fortel om ein fagdag i tysk der han trudde han skulle få ha musikk på øyret for å stenge ute andre lydar, men fekk beskjed om at det ikkje var mogleg.
– Eg tok det ikkje vidare. Det var siste tentamen i tysk og eg ville berre bli ferdig med det. Eg hadde ikkje så stor motivasjon for skule der og då, og var ganske lei av skuleløpet.
Omfattande tematikk
Framtida.no har vore i kontakt med både ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, og begge stadfestar at Fink gjekk på skulane i det aktuelle tidsrommet.
Rektor Hallgeir Hamre ved Førde ungdomsskule vil ikkje omtale enkeltsaka, men seier dei generelt arbeider ut frå eit mål om at alle elevar skal få ei tilpassa opplæring ut frå dei føresetnadane dei har.
– Så kan ein nok som rektor alltid ynskje meir ressursar til skulen, men mi oppleving er at det blir stilt ressursar til rådvelde som gjer at dette er mogleg. I dag har til dømes alle elevar eigen berbar pc, vi har nye oppdaterte læreverk og i tillegg tilgang til digitale læremiddel, skriv Hamre i ein e-post til Framtida.no.
Den vidaregåande skulen stadsfestar at dei i samråd med Fink kom fram til fleire tilretteleggingar etter han fekk diagnosen, inkludert å få ha musikk på øyret i timar og under prøver. Dei stadfestar at informasjon om diagnosen og tilrettelegging vart sendt ut til faglærarane hans etter fagdagen i tysk var gjennomført, og at tysklæraren dimed gjennomførte prøva etter skulen sitt vanlege reglement.
– Skulen håpar at faglærarane til eleven følgde opp tilretteleggingstiltaka frå det tidspunktet dei vart kjende med diagnosen, skriv avdelingsleiar Inger Karin Oppedal ved Førde vidaregåande skule.
På meir generelt grunnlag seier rektor ved Førde vgs., Mats Bryne, at dette er eit omfattande tema og noko skulane arbeider mykje med:
– Mykje av det som blir omfatta av tilpassa opplæring handlar om å utvikle god kompetanse hjå lærarane og gode støttesystem i elevtenesta. Nokre elevar vil òg ha rett på individuell opplæring som skulane får ekstra ressursar til. Generelt jobbar skulane med å bruke desse ressursane slik at elevane får eit godt tilbod ut frå vedtak og sakkunnig vurdering, skriv han i ein e-post til Framtida.no.
Vil det beste for elevane
Det er ikkje nytt at skikkeleg tilrettelegging kan vere utfordrande for skular.
Ifølgje ein forskingsartikkel frå 2022 er tilpassa opplæring ei av dei vanlegaste utfordringane for tilsette i skulen. Forskarar ved Universitetet i Agder henta inn svar frå 28 skuletilsette, inkludert leiarar, rådgjevarar og lærarar, som tok vidareutdanning i 2017.
Svara peika på at tilsette i stor grad ynskte å følgje intensjonen i regelverket. Likevel opplevde dei fleire barrierar for å følgje opp elevane.
Det kunne til dømes vere skilnad i kor godt lærarane kjente regelverket, brot vart ikkje nødvendigvis følgt opp, sjukefråvær og lærarmangel kunne gå ut over tilbodet til elevar, og skulen kunne ha ein kultur som gjorde at det tok tid å gjennomføre tiltak.
Den nye opplæringslova tredde i kraft 1. august 2024. Der er det, ifølgje KS, eit forsterka fokus på inkludering. Skulen skal legge til rette både fagleg, metodisk og sosialt for at elevane får realisert potensialet sitt i eit fellesskap.
Krev politisk endring
Fink trur ikkje alle elevar har eit godt tilpassa tilbod i Noreg i dag.
– Det er elevar som opplever dagleg at rettane deira blir brotne. Eg har sjølv venar som kjem til meg, spesielt etter eg byrja å ta det opp politisk, og fortel at dei ikkje har fått det dei har rett på.
No etterlyser han politisk endring.
Fink meiner hans eige parti har gode løysingar på problemet. I Venstre sitt utkast til stortingsprogram for 2025 skriv dei at dei vil «Innfri retten alle elever har til tilpasset opplæring.»
– Men tilpassa opplæring er jo allereie lovfesta, kva hjelper det om eit parti programfestar det?
– Berre fordi det står at ein har rett på det så tyder det ikkje at det blir innfridd, seier han.
Viktig å sjå elevane
Fink trur det kan hjelpe med fleire spesialpedagogar og lærarar med betre fagkompetanse på autisme, ADHD, dysleksi, depresjon, angst og liknande diagnosar i den norske skulen.
Som folkehøgskulestipendiat har han høyrd frå mange unge som har liknande erfaringar. Det gjer han meir sikker på behovet for endring.
– Eg trur det hadde hjelpt veldig om ein hadde fått inn ei opplæring for lærarar med fokus på psykiske tilstandar og diagnosar, sidan ein som lærar vil møte veldig mange forskjellige elevar.
Fink meiner det burde vere ein del av lærarutdanninga, og ei kompetanseheving for dei som allereie er ferdigutdanna.
– I hovudsak trur eg det hadde hjelpt å sjå elevane. I staden for å tvinge elevane til å skrive ein norsktekst om noko dei ikkje er interessert i i det heile, kan dei skrive om noko dei interesserer seg for, og på den måten få vise fram sine skrivekunnskapar, eller mattekunnskapar eller språkkunnskapar. For då får alle elevar moglegheit til å vise fram kva dei kan.