Skulen Campus Risbergska har vaksenopplæring. Syrias ambassade i Stockholm stadfestar at det er syriske statsborgarar blant dei drepne.
Politiet har førebels ikkje stadfesta identiteten til den mistenkte eller eit motiv for handlinga. Andersson hadde våpenlisens for fire våpen, og vart funnen med store mengder ubrukt ammunisjon. Politiet meiner at han handla åleine.
Ei markering utanfor Campus Risbergska i Örebro etter skytinga. | Foto: Anders Wiklund/TT News Agency via AP
Åtte nye statsrådar i regjering
Etter at Senterpartiet trekte seg frå regjeringa førre veke, presenterte statsminister Jonas Gahr Støre dei åtte nye statsrådane tysdag. Med det har Noreg ei eittpartiregjering med Arbeidarpartiet for fyrste gong sidan Stoltenberg-regjeringa i 2001.
Dei nye statsrådane er:
Jens Stoltenberg, finansminister
Tore O. Sandvik, forsvarsminister
Astri Aas Hansen, justisminister
Nils Kristen Sandtrøen, landbruks- og matminister
Lene Vågslid, barne- og familieminister
Sigrun Gjerløw Aasland, forskings- og høgare utdanningsminister
Etter at Donald Trump vart sett inn som USAs president, innførte han førre veke straffetoll for varer frå Canada, Mexico og Kina. Innføringa av straffetollen førte til børsfall i både i Europa og Asia.
Det vart seinare klart at tollen på 25 prosent på varer frå Mexico og Canada er sett på pause i 30 dagar. Kina sin straffetoll på 10 prosent står seg. Dei har svart med å sette 15 prosent toll på amerikansk kol, og 10 prosent toll på enkelte amerikanske varer.
Trump har sagt at EU også kjem til å bli ramma av toll i framtida. Om det skjer har EU indikert at dei vil innføre liknande toll på amerikanske varer.
Donald Trump då han tala til kongressen i Washington D.C. 6. februar. | Foto: AP Photo/J. Scott Applewhite
17 barn døde i skulebrann i Nigeria
Ein islamsk skule i det nordlege Nigeria brann ned tysdag. Minst 17 av elevane døydde i brannen, ifølgje BBC. Fleire elevar er sende til helsesenter i byen Kauran Namoda for å få behandla brannskadar.
Styresmaktene trur skulen hadde rundt hundre elevar mellom 10 og 16 år. Dei meiner brannen starta i eit nabobygg, og spreidde seg til skulen medan barna sov.
På grunn av tronge gater var det vanskeleg å kome fram til brannen og det var allereie store brannskadar då brann- og helsepersonell kom til staden. Dei lokale styresmaktene seier dei skal inspisere andre lokale islamske skular i område for å hindre liknande hendingar.
Skulebrannen skjedde i Kaura Namoda-området i regionen Zamfara, nord i Nigeria. | Kartillustrasjon laga med Datawrapper.
Argentina vil melde seg ut av WHO
Den argentinske presidenten Javier Milei har sagt at han vil melde landet sitt ut av Verdas helseorganisasjon (WHO), ifølgje AP.
Avgjerda skal kome på grunn av «djupe usemjer» mellom landet og organisasjonen når det kjem til helsepolitikk. Styresmaktene peikar spesielt på handteringa av koronapandemien.
Milei si avgjerd kjem etter at Donald Trump melde USA ut av WHO på den fyrste dagen sin som president. Det var planlagt at Argentina skulle bidra med åtte millionar amerikanske dollar til budsjettet til WHO i år.
Argentinas president Javier Milei vil ha landet sitt ut av WHO. Her frå Kloten i Sveits i slutten av januar. | Foto: Ennio Leanza/Keystone via AP
Lyspunkt: Færre veks opp i barnefattigdom
Frå 2021 til 2023 var det 6400 færre barn som vaks opp i familiar med låg inntekt i Noreg, samanlikna med perioden 2020 til 2022. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det er særleg småbarnsfamiliane som har hatt best utvikling, noko SSB meiner kan kome av auka barnetrygd.
Noko av nedgangen kan også kome av at det vart født færre barn i perioden.
Færre barn veks opp i fattigdom, viser nye tal frå SSB. | Foto: Kampus Production via Pexels
Vil du få Vekas Viktigaste rett i innboksen?
Nyheitsbrevet kjem fredag morgon. Dersom du vil at vi skal fjerne deg frå lista er det berre å klikke på avabonner nedst i e-posten.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.