Mari var HMS-ansvarleg under Fosen-aksjonane: – Var ordentleg uroa

Mari Qviller valde å bli boren ut saman med dei samiske demonstrantane under Fosen-aksjonen i fjor. Dei er kritiske til at dei ikkje fekk tilgang på mat då departementet lukka ned.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg var veldig uroa når det kom til mat, altså. Eg var veldig glad for at me fekk toalett såpass tidleg, som gjorde at me hadde vatn, fordi det er jo det farlegaste, om ein ikkje har vatn i eit par dagar, seier Mari Qviller til Framtida.no framfor Oslo tingrett.

23-åringen har nettopp forklart seg i retten om rolla si som politikontakt og HMS-ansvarleg frå Natur og Ungdom, der ho tidlegare var sentralstyremedlem.

Som ansvarleg for helse, miljø og sikkerheit var Qviller i utgangspunktet ikkje ein del av aksjonen, men ho valde til slutt å ikkje retta seg etter politiet sitt pålegg og bli boren ut saman med dei andre aksjonistane.

– Vanskeleg å oppretthalda HMS-en

Torsdag 23. februar 2023 tok aksjonistane seg inn i lobbyen til Olje- og energidepartementet. Det var vinterferie, og fredagen vart tilsette oppmoda om å ta heimekontor.

I retten fortalde aksjonistane at dei gjekk 30 timar utan mat og medisinar, før dei i 12-13-tida fredag fekk lov å få frakta inn mat.

– Blir me pressa inn i ein ufrivillig svelte­streik inne på OED når me ikkje får inn mat? spurde aksjonist Elle Nystad i retten.

I rettssalen fortalde Mari Qviller om ein i utgangspunktet god dialog med politiet og korleis aksjonistane hadde førebudd seg med niste og ei berbar toalettordning, før dei tok seg inn i Olje- og energidepartementet.

Då aksjonistane ikkje fekk tilgang på toaletta i Olje- og energidepartementet nytta dei det berbare toalettet bak eit banner.

Dette vart sett på som offentleg urinering og etter kvart fekk dei tilgang til toalett og vatn, men dei fortel at personar utanfrå ikkje fekk frakta mat inn til dei.

Kan bli høgsterettssak

Aksjonistane står tiltalt fordi dei har nekta å godta bøter på 5000 kroner for å ikkje ha retta seg etter politiet sitt pålegg om å forlata resepsjonen.

I ein kronikk som først var publisert i Morgenbladet etter aksjonane i fjor skreiv direktør og fagdirektør i Noregs Institusjon for menneskerettar at ikkje alle brot på forbod eller påbod er ulovlege.

– Sjølv om handlingar er forbodne etter ei føresegn, kan andre rettsprinsipp innebera at det er lov likevel. Ved demonstrasjonar er det ytringsfridomen og demonstrasjonsfridomen som kan medføra ei slik korrigering. Ytringsfridomen er verna i Grunnlova § 100, og i § 101 er det gjeve eit vern av «fredelege forsamlingar og demonstrasjonar». Tilsvarande vern står i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

NIM understrekar at ytringsfridom og demonstrasjonsfridom er føresetnader for demokratiet vårt og at inngrep i demonstrasjonsfridomen må vera forholdsmessige.

– Å bli bedne om å forlate ein stad er eit nokså forsiktig inngrep. Om ein i tillegg blir flytta med makt eller blir pågripne, er inngrepet større, og endå større om ein òg blir ilagt straff. Inngrepa blir vurderte samla, og styresmaktene må difor tenkja gjennom totalbelastninga. Eit forholdsmessig inngrep må vera eigna til å vareta formålet. Sjølv om politiet kan be demonstrantar om å flytta seg av akutte sikkerheitsomsyn, er det ikkje gitt at dette kan forsvara ilegging av bot når situasjonen er avklart, skriv dei.

Juristane meiner saka er spesiell fordi ho knyter seg til ein demonstrasjon knytt til ein rettskraftig dom frå Høgsterett.

– Kanskje hamnar òg nokon av denne vekas demonstrantar etter kvart som saker innafor Høgsteretts veggar, skriv dei etter fjorårets demonstrasjonar.

– Ein høgsterettsdom skal fiksast

Mari Qviller meiner Fosen-aksjonane viser at demokratiet og ytringsfridomen har fungert og synest det er merkeleg å sitja på tiltalebenken når dei føler at dei alle har vore så viktige bidragsytarar i å stansa eit menneskerettsbrot.

– Eg føler på ein måte at me har vore der og fylt eit tomrom i ein forferdeleg prosess med å bøte på eit menneskerettsbrot. Så er det me som sit på tiltalebenken for å ha brote lova når det finst ganske mange heimlar som styresmaktene har brote i denne saka her, seier Qviller.

Ho har tidlegare nekta å vedta ei bot etter å ha demonstrert for Førdefjorden, men har større forhåpningar om å vinna fram denne gongen.

Ho peikar på høgsterettsdommen som slo fast at oppføringa av vindmøllene på Fosen bryt med reindriftssamane sin rett til å utøva kulturen sin.

– I Fosen-saka demonstrerte me mot eit lovbrot som ikkje var retta opp i og ein høgsterettsdom skal fiksast ganske raskt, så ein kan argumentera for at utan vår hjelp hadde høgsterettsdommen ikkje blitt følgt og det er eit alvorleg brot på maktfordelingsprinsippet i Noreg, seier Qviller.

Vedtekter mot sveltestreik

Qviller fortel at Natur og Ungdom har i vedtektene sine at dei ikkje kan ikkje sveltestreika, noko som betydde at dåverande Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver og tre andre NU-medlemmar måtte ha forlate aksjonen om dei ikkje fekk tilgang på mat.

– Eg var ordentleg uroa for kva som kunne skje og me hadde fleire samtalar om folk var villige til å vera der lenger om det heldt fram utan mat, fortel Qviller.

23-åringen trur at mange av dei tiltalte hadde vore truande til å halda fram utan mat, og at Departementets sikkerheits- og serviceorganisasjon (DSS) ikkje tok inn over seg alvoret i situasjonen.

– Me er alle veldig kjende med konsekvensane av sveltestreik og tek ikkje lett på det. Det er på ein måte sakte sjølvmord og det å sitja med venene sine som seier at «Om det held fram slik er det dette eg gjer» er eit alvor eg ikkje trudde det skulle bli i den situasjonen, seier Qviller.