Norsk Folkehjelp ramma av Trumps bistandsstopp – set minerydding på vent

Flyktninghjelpen og Norsk Folkehjelp blir ramma etter at president Donald Trump har suspendert bistanden. Norsk Folkehjelp set all aktiv minerydding på vent.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Den amerikanske hjelpa til Norsk Folkehjelp er sett på vent etter at Donald Trump tok over som president og vedtok å pause store delar av USAs bistandsprogram i påvente av ein full gjennomgang.

Både Flyktninghjelpen og Norsk Folkehjelp er blant organisasjonane som blir hardt ramma, skriv Klassekampen.

For Norsk Folkehjelp dreier det seg særleg om arbeid med minerydding.

Minerydding på vent

– For ei veke sidan fekk vi melding om at vi måtte setje all aktiv minerydding på vent. Vi fekk også beskjed om å minimere løpande kostnader så godt det lèt seg gjere medan dei evaluerer bistandspolitikken, seier Aksel Steen-Nilsen, leiar for humanitær mine- og eksplosivrydding i Norsk Folkehjelp.

Norsk Folkehjelp driv mineryddingsprosjekt i tolv land med støtte frå USA. Flyktninghjelpen opplyser at dei har måtta stanse mange prosjekt, mellom anna i Kongo, Ukraina og Colombia.

Bistandsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) uttrykkjer uro for konsekvensane av bistandsfrysen.

– Det er gjort visse unntak på kritiske helseområde, men det er framleis uoversiktleg kva som blir dei langsiktige konsekvensane, skriv ho i ein e-post til avisa.

Flyktninghjelpen fekk nesten 1,5 milliardar kroner i 2023, og Norsk Folkehjelp fekk over 450 millionar kroner i 2024.