Store beslag er noko av det som motiverer Thale Eide som tollar.
– Det klart beste med jobben er når vi avdekker større mengder narkotika, eller andre ulovlege varer. Den kjensla eit bra beslag gir, kan ein verkeleg leve lenge på, og det gir meistringskjensle og motivasjon i teamet.
Det skriv Thale Eide (23) i ein e-post til Framtida. Ho har arbeida for Tollvesenet i Stavanger sidan i haust, etter ho vart ferdig på studiet våren 2024.
– Feiloppfatninga eg ser mest blant folk, inkludert familie og venner, er at tollarar berre står på grensa og skal ta inn smuglarsprit og øl. Eg må innrømme at eg ikkje visste betre sjølv før eg søkte på studiet.
Om Thale
Namn: Thale Eide
Alder: 23
Yrke: Tollar
Frå: Stavanger
Utdanning: Bachelor i toll, vareførsel og grensekontroll, Universitetet i Stavanger
Noko øl og smuglarsprit kan det sjølvsagt bli, men Eide understrekar at det berre er ein liten del av samfunnsoppdraget til tollarar.
– Eg tør nesten garantere at Tolletaten har ei finger med i veldig mykje meir enn du kanskje var klar over. Alt frå maten du kjøper på butikken, til klede og elektronikk du finn på nettet – ja, dei fleste aspekta av kvardagen din. Mange av arbeidsoppgåvene Tolletaten utfører, er ikkje like synlege for deg der heime, men dei har stor betyding for eit trygt, rettferdig og berekraftig samfunn.
Eit populært yrke
Eide var midt i å skrive bacheloroppgåve då ho søkte på jobben som tollinspektør i Grensedivisjonen og vart intervjua. I september kunne ho gå rett ut i det ho kallar draumejobben.
Det var ikkje sjølvsagt at ho skulle ende opp som tollar. Studiet toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger var heilt nytt då ho søkte seg inn dit. Tidlegare var det ei toårig utdanning, men det er no utvida til ein bachelorgrad som berre finnast i oljebyen.
– Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til, og eg hadde ikkje noko anna forhold til tollarar enn det veldig mange andre har – dei som kontrollerer kvotevarer inn frå utlandet. Tanken om å bli tollar hadde aldri slått meg før det. Og slik fann eg verdas beste jobb, litt tilfeldig. Dei siste åra har Tolletaten også blitt betre på å fronte seg sjølv for publikum, blant
anna gjennom sosiale medium og gjennom TV 2-serien «Toll».
Det arbeidet har kanskje også fått ein innverknad på søkartala, for i 2021 og 2022 var tollarutdanninga blant studia det var størst konkurranse for å kome inn på.
Ingen like dagar
– Heilt kort: Kva går jobben din ut på?
– Som operativ tollar får eg bidra til eit spennande samfunnsoppdrag som inneber å sjå til at lover og reglar for grensekryssande vareførsel vert følgd.
Ho fortel at ingen dagar er like ved Stavanger lufthavn, Sola. Arbeidsdagen startar med å kontrollere den fyrste ferja frå Danmark, både passasjerar til fots og i bil eller trailer. Dei har også eit godt arbeidstempo på Sola.
– Vi har vanlegvis god gang i flytrafikken, og etter ein felles frukost jobbar vi i kontroll mot reisande på flyplassen.
I løpet av dagen kontrollerer dei også post- og kurersendingar, eller drar på oppdrag utanfor flyplassen.
Varierte erfaringar
– Kvifor valde du denne yrkesvegen?
– Det korte svaret er at eg var interessert i dei mange, og veldig varierte, arbeidsoppgåvene i Tolletaten. Å jobbe operativt på ein av landets mange grenseovergangar er, i det store biletet, ein liten, men viktig del av etatens samfunnsoppdrag. Regelverket vi jobbar med famnar så utruleg breitt, og det skal tilpassast ein varestraum som er i stadig utvikling.
Eide synest ho har ein variert og spennande kvardag der det ho gjer noko konkret for samfunnet. Ho synest utdanninga førebudde ho godt til jobben.
– Ja, absolutt! Sjølv om studiet er veldig allsidig og gjev mange moglegheiter, er Tolletaten naturlegvis i fokus. Fag som logistikk, juss, psykologi og sosiologi blir alle sett i lys av etaten. Dette har bidratt til ei god forståing av Tolletatens rolle i samfunnet og korleis kvardagen som tollar kan vere.
I løpet av studietida hadde ho praksis på ulike tollstader, som ho synest var ei nyttig førebuing. Stavanger lufthamn var ein av stadene ho vart kjend med under studia.
– Så då eg byrja som nytilsett, hadde eg alt forventningar om å jobbe saman med ein flott gjeng og ta del i spennande arbeidsoppgåver. Eg blei absolutt ikkje skuffa. Kvar einaste dag ser eg fram til å gå på jobb, og eg har blitt tatt veldig godt imot.
Viktig med indre motivasjon
– Det er klart det er givande å kjenne på at ein kan gjere ein reell forskjell, men eg trur det er sjølve jakta som driv oss.
Eide fortel at vareføring og smuglarmetodar er i konstant endring, og at ein dermed aldri er ferdig utlært.
– Difor må ein alltid vere påskrudd og nytenkande.
– Kva er det mest utfordrande med å vere tollar?
– Ein blir vitne til mange triste skjebnar. Tollarar på grensa står i fyrstelinja og kan stå i ganske tøffe saker frå tid til annan, til trass for at tollkontrollar som oftast er hyggelege møte.
Spesielt menneske som flyktar frå krig og saker der barn er involvert kan vere tøft.
– Det kan vere mange kontrollsituasjonar som er vanskelege å stå i, men det er då det er viktig med ein sterk indre motivasjon for jobben ein gjer, og eit godt team som kan støtte kvarandre når det blir tungt.
Drøymer om å bli hundeførar
– Den viktigaste eigenskapen i ein tollar er den indre motivasjonen og nysgjerrigheita som driv deg til å fortsette «jakta».
Eide fortel at yrket passar dei som ønskjer seg ein spennande og variert arbeidsdag.
– Eg meiner det når eg seier at ingen dagar er like. Du kan jobbe som tollar på kontor også, dersom flyplassen, kaien eller landevegen ikkje er noko for deg. Det sit hundrevis av dyktige tollarar rundt om i landet som jobbar med andre oppdrag.
Det er også fleire moglegheiter innanfor tolletaten, til dømes om ein utdannar seg vidare som scannaroperatør eller hundeførar.
– Eg har ein draum om å bli hundeførar for narkotikahund i Tolletaten. Hund er eit fantastisk hjelpemiddel for oss, og dei spelar ei avgjerande rolle, ikkje berre i kampen mot narkotikasmugling, men også blant anna i oppdaginga av svarte- og kvitvaska pengar. Dei er utruleg dyktige kollegaer, og arbeidsforholdet mellom hund og hundeførar er heilt unikt.