Ein av ti unge utsette for seksuelle krenkingar i idretten
Ofte er det jamaldrande som står bak, viser forsking.
Om lag éin av ti ungdommar som er aktive i idrett, oppgir at dei har vore utsette for seksuell trakassering eller overgrep i løpet av det siste året. Ikkje alle krenkingane handlar om trenarar som misbruker tillita si.
Det skriv OsloMet i ei pressemelding.
Dei vanlegaste formene for seksuell trakassering eller overgrep er uønskte kommentarar om kropp og seksualitet (ni prosent) og uønskt fysisk berøring (tre prosent). Jenter er særleg utsette for kommentarar, medan både gutar og jenter kan oppleve uønskt berøring. Episodane skjer ofte i situasjonar der mange er til stades, som under kampar eller trening, skriv OsloMet på sine nettsider.
Jenter seier også at dei får uønskt merksemd frå tribunen ved kommentarar om utsjånad eller seksualiserte «kompliment». Dei rapporterer om liknande opplevingar på treningssenter, der dei får uønskt merksemd frå vaksne menn.
Sjølv om overgrep frå trenarar er mindre vanlege enn krenkingar frå jamaldrande, skjer det også grensekryssande handlingar frå vaksne. Det kan vere kommentarar om vekt eller kropp, eller fysiske handlingar som å klapse ein spelar på rumpa, skriv forskning.no.